Paul Celan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Celan

Statsborgarskap Frankrike, Romania
Fødd 23. november 1920
Tsjernivtsi
Død

20. april 1970 (49 år)
Paris

Yrke lyrikar, songtekstforfattar, essayist, omsetjar
Sjanger dikt
Ektefelle Gisèle Celan-Lestrange
Signatur
Paul Celan på Commons

Paul Celan[a] (fødd Paul Antschel, fødd 23. november 1920 i Černivci i det dåverande Romania, død 20. april 1970 i Paris) var ein tyskspråkleg jødisk lyrikar, forfattar og omsetjar. Han er rekna som ein viktig lyrikar, og var inspirert av symbolismen og surrealismen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gått på skule i heimbyen reiste han i 1938 til Tours i Frankrike for å studere medisin, fordi høgare utdanning ikkje var ope for jødar i Tyskland og Austerrike i Det tredje riket. Der vanka han i politisk radikale miljø og blei kjend med flyktningar frå Den spanske borgarkrigen. Sommaren 1939 drog han heim på ferie, men etter Molotov-Ribbentrop-pakta i august det året var det umogleg for han å vende attende til studiene i Frankrike. Han innrullerte seg derfor ved Universitetet i Csernowitz, kvar han studerte romanistikk. Etter Tyskland sin invasjon av Sovjetunionen sat Celan i ein arbeidsleir mellom 1942 og 1944. Året etter flytta han til Bucuresti, kvar han, etter å ha lært seg russisk, livnærte seg av å omsetje russiske forfattarar som Lermontov, Simonov og Tsjekhov. Medan han var der blei han assosiert med fleire surrealistiske forfattarar. I 1948 debuterte han med tre dikt i ein antologi under dekknamnet Paul Celan. I desember 1947 kryssa han den rumensk-ungarske grensa illegalt, og kom seg til Wien. Men trass i gode vennskap med forfattarar som Milo Dor, Klaus Demus, Ingeborg Bachmann og den surrealistiske målaren Edgar Jené, blei Celan berre verande i eit halvt år. Sommaren 1948 kom han til Paris, kvar han byrja å studere tysk litteratur, tok eksamen i 1950, og blei tilsett ved École Normale Supérieure som lektor i tysk litteratur. Her gifta han seg med ein fransk grafikar, fekk to born og blei fransk statsborgar i 1955.

Svart morgonmjølk me drikk ho um kvelden
me drikk ho middag og morgon me drikk ho um natti
me drikk og drikk
me grev ei grav ut i lufti der ligg ein ikkje trongt
ein mann bur i huset han leikar med ormane han skriv
han skriv når det myrknar til Tyskland ditt gylne hår
Margarete

Paul Celan. Attdikta av Olav H. Hauge
Utdrag frå «Dødsfuge» (Todesfuge) frå Dikt i umsetjing

Dikta hans, som er strenge og knappe i forma, har ein suggestiv, melankolsk klang. Den eigenarta bruken av paradoks og alogiske metaforar fører til grensen for det som kan utseiast, ofte inn i togna. Diktet Todesfuge frå samlinga Der Sand aus den Urnen frå 1948 gjorde han kjent. Diktet er ein elegi over lagnaden til jødane i Auschwitz. Andre diktsamlingar er Von Schwelle zu Schwelle (1955) og Sprachgitter (1959), kvar diktet blir til eit teiknsystem som peikar langt ut over det som kan fattast på ein logisk måte. Forutan eiga dikting gjendikta han ei stor mengde vestleg litteratur frå fleire språk, mellom anna Apollinaire, Baudelaire, Mandelstam, Pessoa, Dickens og Shakespeare.

Paul Celan tok livet av seg ved å drukne seg i Seinen kring 20. april 1970.

Celan er attdikta til norsk av Øyvind Berg i Etterlatt (1996), og Olav H. Hauge har òg attdikta fleire av dikta hans til norsk. Anders Bærheim og Cornelia Simon har attdikta Schneepart som Snøpart (2013).[1]

Utvald bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Der Sand aus den Urnen (1948)
  • Mohn und Gedächtnis (1952)
  • Von Schwelle zu Schwelle (1955)
  • Sprachgitter (1959)
  • Die Niemandsrose (1963)
  • Atemwende (1967)
  • Fadensonnen (1968)
  • Lichtzwang (1970)
  • Schneepart (1971)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. utt. tselˈa:n

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul Celans “Snøpart” Arkivert 2013-12-27 ved Wayback Machine., psykopp.no (21.05.2013)