Paul Guldin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Guldin

Statsborgarskap Sveits, Austerrike
Fødd 12. juni 1577
Mels
Død

3. november 1643 (66 år)
Graz

Yrke matematikar, astronom, universitetslærar, fysikar
Språk latin
Religion katolisisme
Paul Guldin på Commons

Paul Guldin (12. juni 15773. november 1643) var ein sveitsisk matematikar. Hovudverket hans er Centrobaryca (4 bind, 1635–1641), der han avgjer tyngdepunkt og gjev dei to barysentriske reglane (òg kalla Guldin-reglane) til å avgjere overflate og volum av rotasjonsflater:

  1. Når ei plan, lukka kurve vert dreidd om ein akse i planet til kurva, som ikkje skjer kurva, er overflata av den framkomne rotasjonsflata (omdreiingsflata) lik lengda til kurva multiplisert med lengda av den sirkelen tyngdepunktet til kurva skildrar.
  2. Volumet til rotasjonsflata er lik arealet til kurva multiplisert med lengda av den sirkelen tyngdepunktet til arealet skildrar.

Desse reglane var i hovudsak kjend av den aleksandrinske matematikaren Pappos (ca. 300 e.Kr.), vert derfor òg ofte kalla Pappos-reglane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]