Paul Keres
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Keres (7. januar 1916–5. juni 1975) var ein estisk sjakkspelar, ein av dei sterkeste spelarane som aldri vart verdsmeister i sjakk. Han var kalla "den evige toar".
Paul Keres vart fødd i Narva i Estland. I ungdommen var han svært aktiv i postsjakk, og gjorde seg etter kvart også sterkt gjeldande også i vanlege sjakkturneringar. I 1938 vann han AVRO-turneringa i Nederland, som hadde deltaking av dei beste spelarane i verda. Det var planlagt at vinnaren av turneringa skulle få spele VM-kamp mot verdsmeistaren. Men då andre verdskrigen braut ut, vart det stogg i forhandlingane med den dåverande verdsmeistaren, Alexander Alekhine. Alekhine døydde i 1946, og det vart arrangert ei VM-turnering i 1948 for å kåre etterfølgjaren. Denne turneringa hadde 5 deltakarar, og Paul Keres fekk delt 3-plass med 10,5 poeng av 20 moglege.
Dette skulle vise seg å bli den einaste sjansen Paul Keres fekk til å spele om VM-tittelen. Han deltok i kandidatturneringa som kåra utfordrar til verdsmeistaren seks gongar frå 1950 til 1965, og fekk andreplass fire gongar på rad, i 1953, 1956, 1959 og 1962, men klarte aldri å vinne. Han er rekna som ein av dei sterkaste spelane gjennom tidene som aldri fekk spele ein ordinær tvekamp om VM. Desse andreplassane er også bakgrunnen for at han vart kalla "den evige toar".
Keres vann sjakkmeisterskapen for Sovjetunionen tre gongar, i 1947, 1950 og 1951.
Paul Keres døydde av eit hjarteåtak i Helsinki i Finland i 1975, på veg heim til Estland frå ei turnering i Vancouver, Canada.
Paul Keres skreiv fleire populære sjakkbøker, mellom anna om opningsteori og sluttspel.
Det er bilete av Paul Keres på den estiske 5 kroon-setelen. Han skal vere den einaste sjakkspelaren i verda som har fått biletet sitt på ein pengesetel. Det står ei statue av han på Tõnismägi i Tallinn.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
- Mark Weeks si side på engelsk med oversikt over alle sjakk-VM

