Paul Krugman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paul Krugman (fødd 28. februar 1953) er ein amerikansk økonom og samfunnsdebattant. Krugman vann Nobels minnepris i økonomi i 2008.

Krugman har levert tunge bidrag til den samfunnsøkonomiske vitskapen, særleg innan internasjonal handelsteori. Han har forklara internasjonal handel ved stordriftsfordeler. Stordriftsfordelar og stadig lågare transportkostnader kan forklara at internasjonal handel i større og større grad er mellom land som er på likt utviklingsnivå, og som produserer ganske like varer. Til dømes kjøper USA bilar frå Sverige samstundes som Sverige kjøper bilar frå USA. Han er òg kjend for å drøfta spørsmål knytt til lokalisering av økonomisk aktivitet og har bidratt til å forklara sokalla klynger. Nobelkomiteen la vekt på desse to bidraga i tildelinga til Krugman.

Krugman er professor ved det prestisjetunge Princeton-universitetet, men har dei siste åra vore mest kjend for innlegga sine i New York Times, der han skriv fleire gonger i veka. Han har også en blogg på nettutgaven til New York Times, og denne oppdaterer han dagleg.

Politisk høyrer til han den amerikanske venstresida. Mange av innlegga hans i New York Times var bitande kritikk av Bush-regjeringa. Krugman har spesielt vore kritisk til finanspolitikken, som har ført til store underskot på statsbudsjetta.

Hausten 2009 gjekk Krugman til åtak på ei dominerande retning innan makroøkonomisk forsking i ein lang artikkel i New York Times Magazine. Her hevda Krugman at denne forskingsretninga er altfor basert på at alle menneske er fullstendig rasjonelle, og at denne teorien må bera eit stort ansvar for finanskrisa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Paul Krugman hjå nobelprize.org i samband med tildelinga av Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til Alfred Nobels minne
  • Heterogeneity and Trade Masteroppgåve frå Universitetet i Oslo (Sigbjørn Hjelmbrekke, 2009) Ei samanlikning av to modellar av Paul Krugman og Thomas Chaney med monopolistisk konkurranse og stordriftsfordelar.
  • Bidrar FoU til dannelsen av næringsklynger? Mastergradsoppgåve frå Universitetet i Tromsø (Kristin Berg, 2007) med gjennomgang av Paul Krugmans bidrag til økonomisk geografi
  • Betalingsbalansebegrenset vekst Mastergradsoppgåve frå Universitetet i Oslo (Geir Ivar Urke, 2005) med drøfting av Krugmans teori om import- og eksportetterspørselens inntekstelastisitet, og verknaden av denne på vekstraten til eit land.