Paul Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Moon
Nasjonalitet New Zealand Newzealandsk
Fødd 18. oktober 1968 (46 år), AucklandNew Zealand
Yrke Historikar, forfattar
Tema Māorihistorie, Waitangitraktaten
Sjanger Historie, biografiar
Ektefelle Milica

Paul Moon (fødd 18. oktober 1968) er ein newzealandsk historikar og professor ved Auckland University of Technology. Han er ein profilert skribent om historiske og biografiske emne på New Zealand, og har spesialisert seg i historia til in maorifolket, Waitangitraktaten og den tidlege perioden av britisk styre.

Paul Moon har ein Bachelor of Arts-grad i historie og politiske studiar, ein Master of Philosophy-grad med utmerking, ein Master of Arts-grad med utmerking, og ein doktorgrad i filosofi. Han vart i 2003 innvald som Fellow of the Royal Historical Society ved University College London.

Moon er kjend for studiane sine om Waitangitraktaten, og han har gjeve ut to bøker om dette emnet. Han har også skrive biografiar om guvernørane William Hobson og Robert FitzRoy, og også om høvdingen i Ngā Puhi, Hone Heke.[1] I 2003 gav han ut boka Tohunga: Hohepa Kereopa, ei utgreiing om tohunga (menneske med ulike evner) i iwien Ngāi Tūhoe.[2] Han har òg skrive ein større biografi om Ngā Puhi-politikaren og kotahitanga (leiar for maoriparlament) Hone Heke Ngapua (1869–1909), og skreiv bestseljaren Fatal Frontiers – ei historie om New Zealand i 1830-åra.[3] I tillegg til å skriva bøker, er Moon ein flittig bidragsytar i nasjonale og internasjonale akademiske tidsskrift innanfor ulike historierelaterte emne.

Moon er for tida professor i historie ved fakultetet Te Ara Poutama (Faculty of Māori Development) ved Auckland University of Technology, der han har undervist sidan 1993, og er sett på som ein av dei økonomisk mest vellukka forfattarane på New Zealand, basert på ein kombinasjon av dei talrike utgjevingane og salet av kvar av bøkene hans.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Moon sine arbeid har fått kritikk frå somme bokmeldarar. Denne kritikken fell innanfor to kategoriar: Den første tek for seg forfattaren si historiske tilnærming. I fleire av bøkene sine fastslår Moon at han skriv historia sett gjennom augo på dei som deltok på den tida forteljingane fann stad, og ikkje med «den føremonen historikaren har ved å kunna sjå seg attende». Resultatet er at somme av konklusjonane hans skil seg frå det som har vorte avdekt gjennom seinare analysar. Den andre går på skrivestilen hans – og her er omtalane polariserte. Ein omtale kallar arbeidet hans «overdramatisert og upresist»,[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Anonym (1998) Hobson: Governor of New Zealand 1840-1842 – Auckland. ISBN 0-908990-54-5.
  • The Sealord Deal. Palmerston North: Campus Press. 1999. ISBN 1-877229-09-1. 
  • Muldoon: A Study in Public Leadership. Wellington: Pacific Press. 1999. ISBN 0-9583418-7-7. 
  • FitzRoy: Governor in Crisis 1843-1845. Auckland: David Ling Publishing. 2000. ISBN 0-908990-70-7. 
  • Hone Heke: Nga Puhi Warrior. Auckland: David Ling Publishing. 2001. ISBN 0-908990-76-6. 
  • Te Ara Ki Te Tiriti: The Path to the Treaty of Waitangi. Auckland: David Ling Publishing. 2002. ISBN 0-908990-83-9. 
  • Tohunga: Hohepa Kereopa. Auckland: David Ling Publishing. 2003. ISBN 0-908990-91-X. 
  • The Treaty and its Times 1840-1845. Auckland: Resource Books. 2004. ISBN 0-908618-18-2. 
  • A Tohunga's Natural World: Plants, Gardening, and Food. Auckland: David Ling Publishing. 2005. ISBN 1-877378-04-6. 
  • Ngapua: The Political Life of Hone Heke Ngapua, MHR. Auckland: David Ling Publishing. 2006. ISBN 1-877378-02-X. 
  • Fatal Frontiers: A New History of New Zealand in the Decade Before the Treaty. Auckland: Penguin Publishing. 2006. ISBN 0-14-302059-5. 
  • The Newest Country in the World: A History of New Zealand in the Decade of the Treaty. Auckland: Penguin Publishing. 2007. ISBN 978-0-14-300670-1. 
  • The Struggle for Tamaki Makaurau: Auckland to 1820. Auckland: David Ling Publishing. 2007. ISBN 978-1-877378-14-0. 
  • The Tohunga Journal: Hohepa Kereopa, Rua Kenana and Maungapohatu. Auckland: David Ling Publishing. 2008. ISBN 978-1-877378-20-1. 
  • This Horrid Practice: The Myth and the Reality of Traditional Maori Cannibalism. Auckland: Penguin. 2008. ISBN 978-0-14-300671-8. 
  • The Edges of Empires: New Zealand in the Middle of the Nineteenth Century. Auckland: David Ling Publishing. 2009. ISBN 978-1-877378-26-3. 
  • New Zealand Birth Certificates: 50 of New Zealand's Founding Documents. Auckland: AUT Press. 2010. ISBN 978-0-9582997-1-8. 
  • Victoria Cross at Takrouna: The Haane Manahi Story. Wellington: Huia Publishers. 2010. ISBN 978-1-86969-420-3. 
  • New Zealand in the Twentieth Century: The Nation, The People. Auckland: HarperCollins. 2011. ISBN 978-1-86950-804-3. 
  • Framing the World: The Life and Art pf Augustus Earle. Auckland: Resource Books. 2011. ISBN 978-1-877431-44-9. 
  • A Savage Country: The Untold Story of New Zealand in the 1820s. Penguin Books (NZ). 2012. ISBN 978 0 143567387. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. David Ling (2007). Backlist History Titles. David Ling Publishing. Vitja 5.mai 2013.
  2. New Zealand Maori books. Collectible Books. Vitja 5. mai 2013.
  3. Fatal Frontiers. Times Newspaper Online (2006). Vitja 5. mai 2013.
  4. Gordon McLauchlan (31. august 2007). The Newest Country in the World by Paul Moon. New Zealand Herald. Vitja 5. mai 2013.
  • New Zealand Herald, 27 April 2007
  • Dominion Post, 27 April 2007
  • Review in New Zealand Books, March 2007.