Paul Samuelson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Paul Samuelson

Paul Anthony Samuelson (15. mai 191513. desember 2009) var ein USA-amerikansk økonom frå Gary i Indiana, USA som fekk Nobelprisen i økonomi i 1970. Han var utdanna ved Harvard-universitetet i 1930-åra, der han vart sett på som eit vedunderbarn og mellom anna hadde Joseph Schumpeter og Vassilij Leontief som lærarar. Han fekk derimot professoratet sitt ved MIT.

I verket sitt Foundations of Economics frå 1947 reformulerte han heile den nyklassiske teorien i matematiske termar, og leverte seinare omfattande bidrag innan dei fleste områda av økonomifaget, mellom anna innan statisk og dynamisk likevektsteori, produksjons- og konsumentteori og handelsteori. Læreboka hans, Economics, frå 1948 er utan tvil den mest kjende og lesne læreboka i økonomi, og har seinare kome i nesten 20 utgåver og seld i millionar av eksemplar.

Samuelson var òg i alle år konsulent i økonomiske spørsmål for private og offentlege instansar og leverte, mellom anna gjennom faste spalter, eit utal innlegg om økonomiske spørsmål til ulike tidsskrift.