Paul Signac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Signac i 1923
Ein sundag, 1888-90
Portrett av Félix Fénéon, 1890
Paveslottet i Avignon, 1900

Paul Victor Jules Signac (11. november 186315. august 1935) var ein fransk kunstmålar. Han vert rekna som den viktigaste teoretikaren for pointillismen, og ved sidan av Georges Seurat den fremste målaren innanfor stilretningane nyimpresjonisme og pointillisme.

Signac måla nesten utelukkande friluftsbilete med lyse, reine spektralfargar, særleg hamnemotiv frå kysten av Normandie og Mellomhavet. Etter kvart vart målingsflekkane stadig større, og byrja danne eit eige abstrakt mønster i bileta. Signac sine verk hadde stor innverknad for den framveksande modernismen tidleg på 1900-talet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Signac var fødd i Paris. Han gjekk ei tid i skule for å lære om arkitektur, før han som 18-åring bestemte seg for å verte målar. Ei utstilling som synte verk av Claude Monet skal ha vore eit viktig tildriv til avgjerda.

I 1884 møtte han Georges Seurat. Han vart fanga både av dei systematiske arbeidsmetodane til Seurat og fargeteoriane hans. Påverka av Seurat kutta Signac ut dei frie, korte penselstrøka som impresjonistane nytta i sin målarkunst, for å eksperimentere med vitskapleg samanstilling av små prikkar med rein farge. Målet var å kombinere desse slik at det vart dei ulike fargane skulle verte avstemt i auga på sjåaren og ikkje på lerretet, noko som er det avgjerande kjenneteiknet på pointillismen.

Signac møtte i 1886 Vincent van Gogh i Paris. Året etter reiste dei to kunstmålarane i lag til Asnières-sur-Seine, der dei måla ulike motiv, som til dømes elvelandskap og kafear. Også i mars 1889 reiste Signac for å vitje Vincent van Gogh, då i Arles. Året deretter la han ut på ein kort tur til Italia, der han var innom Genova, Firenze og Napoli.

Gjennom lesing av Elisee Reclus, Pjotr Kropotkin og Jean Grave oppdaga Signac anarkismen i 1888. Alle desse forfattarane utvikla idear omkring anarkismen som politisk samfunnsretning. Saman med venene Angrand Cross, Maximilien Luce og Camille Pissarro bidrog han til Jean Grave si avis Les Temps Nouveaux. Den økonomiske stønaden frå Signac var monaleg. Jamleg sende han sjekkar, mellom 1895 og 1912 gav han bort innkomene frå fem utloddingar av eigne måleri.

Mange av måleria til Signac er frå franskekysten. Kvar sommar reiste han frå hovudstaden for å bu i Sør-Frankrike. Han heldt då til i landsbyen Collioure eller i St. Tropez, der han kjøpte hus og inviterte vener til å bu saman med seg. I 1892 byrja han reise i ein liten seglbåt til nærast kvar ein hamneby i Frankrike, rundt om i Mellomhavet til så fjernt som Konstantinopel, med base for båten i St. Tropez. Frå dei ulike hamnebyane han vitja tok Signac med heim fargerike akvarellar, snøgt skissert etter naturen. Skissene nytta han til å måle store lerretsmåleri i atelieret, som han så arbeidde grundig ut med små, mosaikk-liknande einsfarga firkantar, mykje annleis enn dei bittesmå mangleta prikkane som Seurat tidlegare hadde brukt. I sine seinare leveår måla han også bymotiv i Frankrike.

Signac eksperimenterte med ulike medium. Ved sida av oljemåleri og akvarellmåling laga han penneteikna skisser beståande av små, mødesamt påførte prikkar. Nyimpresjonistane påverka den neste generasjonen av målarar. Signac inspirerte i særleg grad Henri Matisse og André Derain, såleis spela han ei avgjerande rolle i utviklinga av fauvismen.

Signac var leiar av Société des Artistes Indépendants frå 1908 til han døydde. Han oppmuntra i den samanheng yngre kunstnarar gjennom å stille ut kontroversielle verk av fauvistar og kubistar, sjølv var han den fyrste som kjøpte eit arbeid av Henri Matisse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paul Signac

Kjelder[endre | endre wikiteksten]