Paul Simon in Concert: Live Rhymin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Simon in Concert: Live Rhymin'
Konsertalbum av Paul Simon
Utgjeve april 1974
Innspelt Ukjend
Sjanger Folkrock, softrock
Lengd 51:56
Selskap Columbia, seinare Warner Bros.
Produsent Phil Ramone
Kritikk
Paul Simon-kronologi
There Goes Rhymin' Simon
(1973)
Paul Simon in Concert: Live Rhymin' Still Crazy After All These Years
(1975)

Paul Simon in Concert: Live Rhymin' er eit konsertalbum av Paul Simon som kom ut i april 1974 på Columbia Records. Det vart spelt inn under turneen til Simon i 1973 og 1974 etter There Goes Rhymin' Simon. Albumet var berre ei forkorta utgåve av konsertane han spelte, der han kunne spele opp mot 24 songar.

Det står ikkje på plateomslaget kvar songane er innspelte. Simon hadde med seg Urubamba og the Jessy Dixon Singers på albumet. Albumet var det første konsertalbumet til Simon og han spelte fleire Simon & Garfunkel-songar.

Mot slutten av albumet kan ein høyre ein i publikum som ropar til Simon: «Sei noko!». Han svarar «Sei noko? Vel, eg håpar me held oss i live».

Albumet vart ein moderat suksess og nådde 33. plas i USA og selde etter kvart til gullplate. Det nådde ikkje albumlista i Storbritannia.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Me and Julio Down by the Schoolyard»   2:47
2. «Homeward Bound»   2:45
3. «American Tune»   3:58
4. «El Cóndor Pasa (If I Could)» (Simon, Jorge Milchberg, Daniel Alomía Robles) 4:08
5. «Duncan»   5:11
6. «The Boxer»   6:11
7. «Mother and Child Reunion»   4:00
8. «The Sound of Silence»   4:27
9. «Jesus Is the Answer» (Jessy Dixon Singers solo) 3:28
10. «Bridge over Troubled Water»   7:10
11. «Loves Me Like a Rock»   3:16
12. «America»   4:35

Kjelder[endre | endre wikiteksten]