Paula Modersohn-Becker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paula Modersohn-Becker
Gammal fattighuskone i hagen, 1907

Paula Modersohn-Becker (8. februar 187621. november 1907) var ein tysk målar, ein framståande representant for den tidlege ekspresjonismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Becker vart fødd og voks opp i Dresden-Friedrichstadt. Familien høyrde til lågadelen, heimen var kulturelt sett borgarleg. I 1888 flytta familien til Bremen. Åra 1893-95 fekk ho privatundervisning i måling, og deltok i 1896 på eit målekurs for kvinner i Berlin.

22 år gammal besøkte ho kunstnarkolonien Worpswede. Der møtte ho Fritz Mackensen (1866–1953) og Heinrich Vogeler (1872–1942), to målarar som hadde flytta for å sleppe unna den akademiprega dominansen til leiande kunstkrinsar – og storbylivet. Becker fekk læretimar med Mackensen. Hovudtemaene i måleria hennar var livet og landskapet på den nordtyske landsbygda. I denne perioden fekk ho gode venner i skulptøren Clara Westhoff (1875–1954) og diktaren Rainer Maria Rilke. Ho forelska seg, og i 1901 gifta ho seg med målaren Otto Modersohn, ein enkemann med ei dotter.

Mellom 1900 og 1907 reiste Paula Modersohn-Becker fleire gonger til Paris, og budde i den franske hovudstaden i kortare og lengre periodar. Eine gongen gjekk ho eit kurs ved École des Beaux-Arts. Ho gjekk ofte på utstillingar av samtidskunst og var særleg oppteken av arbeida til Paul Cézanne, Vincent Van Gogh og Paul Gauguin. Ein kan også spore påverknad av fauvistar og Jean-François Millet, ein målar som Worpswede-kunstnarane beundra.

På sin siste tur til Paris laga ho bilete ho opplevde som fornyande. Ho laga også aktstudiar [1] med seg sjølv som modell, noko som braut totalt med brukvisa.

I 1907 drog Modersohn-Becker tilbake til Worpswede. Ho vart gravid og og sette dottera Mathilde til verda den 2. november 1907. Knappe tre veker seinare døydde Paula Modersohn-Becker av emboli.

I 1908 skreiv Rainer Maria Rilke Requiem für eine Freundin, til minne om Paula. Diktet vart skapt ut frå Rilkes vennskap med henne, og det inntrykket hennar liv og daude hadde gjort på han.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paula Modersohn-Becker

Kjelder[endre | endre wikiteksten]