Paulus’ brev til romarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rom. 7,4–7 fra Codex Claromontanus (ca år 400 e.Kr.).

Paulus’ brev til Romarane, også kalla Romarbrevet, er eit av breva i Det nye testamentet som har apostelen Paulus sitt namn, og i den kanoniske rekkefølgja er det den sjette boka i Det nye testamentet. Brevet blir rekna til dei breva som visseleg kan seiast å vere skrivne av Paulus. I norske bibeltilvisingar blir brevet etter Bibelselskapet sin standard forkorta «Rom». Det er det lengste av dei paulinske breva.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Brevet blir oftast inndelt i fire hovuddelar. Først ei innleiing (1,1–17), så ein dogmatisk hoveddel (1,18–11,36), ein etisk hovuddel (12,1–15,13) og ei avslutning (15,14–16,27). Det er då lett å sjå kvifor Romarbrevet har vorte sett på som Paulus si dogmatiske arv. Martin Luther kalla brevet ein «hovuddel av Det nye testamentet».

Forfattaren[endre | endre wikiteksten]

Paulus

Forfattaren av brevet er Paulus (jf. 1,1), og det er ikkje nokon grunn til å tru at brevet ikkje er eit ekte Paulus-brev. (Det same gjeld Første Korintarbrev, Andre Korintarbrev, Galatarbrevet, Filipparbrevet, Første Tessalonikarbrev og Filemonbrevet). Brevet vart nedteikna med hjelp av ein skrivar, Tertius (jf. 16,22). Bibelforskarane er ikkje samde om Paulus sjølv står bak lovprisinga (doksologien) i 16,25-27 (med bakgrunn i tekstkritiske problem, jf. Fader vår).

Datering[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje lett å datere brevet nøyaktig. Truleg vart det skrive under den tredje misjonsreisa Paulus gjorde — ho blir oftast datert til om lag år 5357. Nøyaktig kva tid innanfor dette tidsrommet avheng av kvar ein trur han var då han skreiv det. Det mest trulege er at det vart skrive seint (år 56 eller 57).

Stad[endre | endre wikiteksten]

Det er vanskeleg å seie kvar Paulus oppheldt seg då han skreiv brevet. Det er vanleg å gå ut i frå at han var i Korint eller i hamnebyen Kenkreæ rett ved. Av 15,25–29 går det nemleg fram at Paulus har avslutta innsamlinga av pengegåver til Kyrkjelyden i Jerusalem etter å ha vore i Makedonia (mellom anna i Thessaloníki) og Akaia (Athen). Han bur dessutan hos Gaius (jf. 16,23) som òg blir nemnt som medlem av kyrkjelyden i Korint i 1 Kor 1,14. I tillegg blir Føbe nemnt; ho var diakon (gr. diakonos) i Korints hamneby Kenkreæ.

Adressatar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om adressaten er tydeleg nemnt i preskriptet er det reist tvil om kyrkjelyden i Roma verkeleg er adressaten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brown, Raymond E., An introduction to the New Testament, (The Anchor Bible reference library), New York : Doubleday, 1997.