Paulus Potter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paulus Potter

Bartholomeus van der Helst: Potrett av Paulus Potter
Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 20. november 1625
Enkhuizen
Død

17. januar 1654 (28 år)
Amsterdam

Yrke kunstmålar, lyrikar, raderer, grafikar, grafikar, bygningstegner
Sjanger landskapsmåleri, dyremåleri, sjangermåleri, historiemåleri
Medlem av Sint-Lucasgildet
Far Pieter Symonsz. Potter
Paulus Potter på Commons

Paulus Pieterszoon Potter (16251654) var ein nederlandsk målar under barokken, særleg kjend for sine måleri med dyr i landskap.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Potter vart døypt 20. november 1625 i Enkhuizen. Han gjekk fyrst i lære i faren Pieter Symonsz. Potter sitt atelier i Amsterdam, dit familien flytta i 1631. Seinare var han elev hos Jacob de Wel, kanskje også hos Pieter Lastman og Claes Moeyaert.

'Stuten', 1647

I 1646 fekk Potter medlemskap i Sint-Lucasgildet, målarlauget i Delft. År 1649 budde han i Den Haag, også der registrert som medlem av målarlauget. Tre åre seinare vende han tilbake til Amsterdam, der den kjende medisinaren Nicolaes Tulp vart ein viktig hjelpesmann.

Dei eldste kjende arbeida til Potter er datert til 1641. Han laga om lag 130 måleri, dei fleste i miniformat, før han døydde av tuberkulose. Framom alt måla han bilete av hollandske slettelandskap med detaljerte og nøyaktige framstillingar av dyr, samt sjangermåleri og jaktmotiv. Potter er vide kjend for sine måleri med dyr, særleg av storfe. Hans mest kjende verk er Stuten frå 1647, eit måleri i stort format.

Den 17. januar vart han gravlagt i Amsterdam, berre 28 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Paulus Potter