Pave Johannes XXIII

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johannes XXIII
Ioannes XXIII
Dåpsnamn Angelo Giuseppe Roncalli
Fødd 25. november 1881, Sotto il Mote
Død 3. juni 1963, Roma
Innsett 8. oktober 1958
Saligkåra: 3. september 2000
Heilagkåra: Ikkje heilagkåra
Festdag: 11. oktober
Føregjengar: Pius XXI
Etterfylgjar: Paul VI

Pave Johannes XXIII, fødd Angelo Giuseppe Roncalli, (25. november 18813. juni 1963) var pave frå 8. oktober 1958 til han døydde i 1963.

Angelo Giuseppe kom frå fattige kår, og vart fødd i Sotto il Monte i provinsen Bergamo ved foten til Alpane, og voks opp i ein stor familie. Roncalli vart prestevigd i Roma i 1904 og vart lærar i Bergamo. I 1924 vart han biskop, og var paveleg diplomat. I 1953 vart han utnemnd til patriark av Venezia og kardinal. Roncalli vart overraskande vald til pave, og er særleg hugsa for å ha opna det andre vatikankonsilet.

Den fyrste handlinga hans som pave var å utnemne 23 nye kardinalar for dermed å gjere kardinalkollegiet meir internasjonalt. Johannes vart kjend for si varme menneskelegheit og sin toleranse. Han sende ut åtte encyclikaer. Han gav ut Mater et Magistra (1961) om kyrkja si sosiale lære. I Pacem in Terris (1962) behandla han menneskerettane og grunnlaget for varig fred, med skarp fordømming av atomopprustninga. Han døydde den 3. juni 1963.

Johannes XXIII vart saligkåra av Johannes Paul II den 3. september 2000.