Pave Julius III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Julius III
Julius III.jpg
Julius III
Dåpsnamn Giovanni Maria Ciocchi del Monte
Fødd 10. september 1487, Roma
Død 23. mars 1555, Roma
Vald 7. februar 1550
Føregjengar: Paul III
Etterfylgjar: Marcellus II

Julius III (10. september 148723. mars 1555) var pave frå 7. februar 1550 til sin død i 1555. Han er rekna som den siste av renessansepavane.

Pave Julius III blei fødd som Giovanni Maria Ciocchi del Monte, sonen av ein framståande jurist i Roma. Han utdanna seg i klassisk romersk litteratur hjå humanisten Raffaele Lippo Brandolini. Seinare studerte han rettsvitskap ved universiteta i Perugia og Siena. I 1513 blei han gjort til erkebiskop av Siponto etter onkelen sin, og frå 1520 også biskop av Pavia. Under plyndringa av Roma våren 1527 blei han gjeven av pave Klemens VII som gissel til keisar Karl V sine soldatar, men blei redda av kardinal Pompeo Colonna blei ikkje drepen.

Ciocchi del Monte var paveleg legat i Nord-Italia først på 1530-talet, og blei utnemnd til kardinal av San Vitale i 1536 av [[[ave Paul III]]. I oktober 1543 blei han kardinalbiskop av Palestrina. 13. desember[1545 åpnet han Trient-konsilet saman med kardinalane Marcello Cervini og Reginald Pole.

Det tok ti veker før kardinalane samla seg om ein ny pave etter Paul III, men Ciocchi del Monte blei vald til slutt då franske kardinalar og dei som støtta Farnese-slekta kom til semje. Dei keisartru, og Karl V, tapte valet. Julius III prøvde å mekla mellom Karl V og den franske kong Henrik II, utan å lukkast. Som mesén hadde han større suksess då han tilsette Giovanni Pierluigi da Palestrina som kormeister Capella Giulia i Peterskyrkja.

I ettertid er Julius III blitt best kjend for kunstinteressa si, og for ein til tider skandaleomspunnen livsførsel. Den største skandalen var knytt til den adopterte nevøen hans, Innocenzo Ciocchi Del Monte, som han utnemnde til kardinal som syttenåring utan at han hadde evnene til det. I tillegg var det knytt mange negative rykte til guten, som at han var fødd utanfor ekteskap og at han skulle ha vore den homofile elskaren til paven. Innocenzo-affæren blei teke opp i polemikkar mot paven dei neste hundre åra, og var svært skadeleg for omdømet til kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]