Pave Klemens XI
| Klemens XI | |
![]() |
|
| Clemens PP. XI | |
| Dåpsnamn | Giovanni Francesco Albani |
|---|---|
| Fødd | 23. juli 1649, Urbino |
| Død | 19. mars 1721, Roma |
| Saligkåra: | - |
| Heilagkåra: | - |
| Festdag: | - |
| Føregjengar: | Innocens XII |
| Etterfylgjar: | Innocens XIII |
Pave Klemens XI (fødd Giovanni Francesco Albani, 23. juli 1649–19. mars 1721) var pave frå 1700 til 1721. Han er best kjent for den pavelege bullen Unigenitus som gjekk ut mot viktige sider av den kyrkjelege situasjonen i Frankrike, og for at han greip inn i ritestriden i Kina der han forbaud dei fleste av dei omstridde akkommodasjonane til kinesiske skikkar som jesuittane hadde fått igjennom.
Tidleg liv [endre]
Albani vart fødd i Urbino, inn i ein adelsfamilie som hadde etablert seg frå det nordlege Albania på 1500-talet og var opphavleg soldatar under albanske prinsen Gjergj Kastriot Skanderbeg mot Det osmanske riket. I løpet av regjeringstida hans som pave vart den kjende Illyricum Sacrum ferdigstilt, og i dag er det ei av dei viktigaste kjeldene til området Albanology med over 5000 sider delt i fleire volum skrive av Dom. Farlati og Dom. Coletti, òg dei var albanarar.
Han var guvernør av Rieti and Urbino, og vart oppretta kardinal av pave Alexander VIII, som han etterfølgde som pave den 23. november 1700.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Klemens XI» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Rendina, Claudio (1983). I papi. Storia e segreti. Rome: Netwon & Compton, pp. 586-588
| føregjengar: Innocent XII |
Pave (liste over pavar) |
etterfølgjar: Innocent XIII |
