Pave Paul VI

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul VI
Pope Paul VI. 1967.jpg
Paulus VI
Dåpsnamn Giovanni Battista Enrico Antonio Maria Montini
Fødd 26. september 1897, Sarezzo i Italia
Død 6. august 1978, Castel Gandolfo i Italia
Vald 21. juni 1963
Innsett 30. juni 1963
Føregjengar: Johannes XXIII
Etterfylgjar: Johannes Paul I

Pave Paul VI (26. september 18976. august 1978) var leiar for den katolske kyrkja og Vatikanstaten frå 1963 til 1978. Han hadde makta under store delar av det andre vatikankonsilet og fekk ansvaret for å setta ut i livet mange av reformene det hadde vedteke. Paul VI var den siste paven som blei krona, den første som møtte leiaren for den anglikanske kyrkja, og den første sidan 1400-talet som møtte patriarken av den ortodokse kyrkja.

Paven blei fødd som Giovanni Montini inn i ein lokal adelsfamilie i Sarezzo i den italienske provinsen Brescia. I 1916 byrja han på presteseminaret og blei prestevigd i 1920. Deretter studerte han ved det pavelege universitetet Gregoriana, Universitetet i Roma og andre institusjonar.

Vatikanstigen[endre | endre wikiteksten]

I 1937 tok karrieren hans i den romerske kurien til. Han blei då utnemnt til vikar for ordinære saker i statssekratariatet under kardinal Eugenio Pacelli. Da Pacelli blei vald til pave under namnet Pius XII i 1939, rykte Montini opp til sekretærstillinga for den nye statssekretæren, kardinal Luigi Maglione.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Då statssekretæren døydde i 1944 tok paven på grunn av krigen personleg over ansvaret for stillinga, og Montini fortsette som sekretær for han.

Mykje av det som skjedde i statssekretariatet under andre verdskrigen er uklart, og Montini blei seinare kritisert for kontakten med den italienske fascistiske utanriksministeren Galeazzo Ciano og med tyske nazistiske styresmakter. I følgje kritikar skal han ha skaffa Vatikanstaten fordelar gjennom å gje etter for italienske og tyske krav. Dette avviste han sjølv, og seriøse historikarar har i liten grad implisert han i eventuelle hestehandlar som kan ha funne stad.

Han skal ha skaffa store summar som blei brukte til å hjelpa europeiske jødar å flykta, men er samstundes skulde for å ha hjelpt høgtståande nazistar med å gjera det same etter krigen. Som nær medarbeidar til Pius XII blir han rekna som ein av dei politiske figurane med størst innverknad frå krigsperioden. Mellom anna skal han ha vore involvert i eit forsøk på å inngå separatfred mellom Italia og USA, men den italienske kronprinsessa Maria José rakk ikkje fram til Vatikanet tidsnok til å møta den amerikanske utsendinga Myron Taylor.

Erkebiskop[endre | endre wikiteksten]

I 1953 blei Montini erkebiskop av Milano, noko som er eitt av dei viktigaste kyrkjeembeta i Italia. Normalt blir ein slik erkebiskop gjort til kardinal ved neste konsistorium, men dette skjedde ikkje denne gongen. Det skulle seinare visa seg at han sjølv hadde sagt nei til å verte kardinal ved eit hemmeleg konsistorium i 1952.

Montini var altså ikkje kardinal då Pius XII døydde i 1958. Likevel var det mange som meinte han ville bli den neste paven, noko han sjølvsagt kunne blitt ettersom alle ugifte, konfirmerte katolske menn kan veljast til pave. Embetet gjekk likevel til kardinalen Angelo Roncalli, som tok namnet Johannes XXIII. Kort tid etter gjorde han Montini til kardinal.

Pave[endre | endre wikiteksten]

I tida som følgde blei Montini ein viktig støttespelar for Johannes XXIII, og både paven sjølv og andre såg på han som ein openberr etterfølgjar. Montini skal likevel òg ha blitt kalla «vår Hamlet» av paven, ettersom han stadig var usikker og hala ut tida når han skulle ta avgjerder.

Då Johannes XXIII døydde av kreft den 3. juni 1963 var Montini ein sterk pavekandidat, ettersom han hadde vore svært engasjert i det andre vatikankonsilet og heilt sikkert ville fylgt same linja som den gamle paven. Han blei vald den 21. juni og formelt innsett som Paul VI den 30. juni. Kroningsseremonien for ein ny pave var allereie blitt kraftig innskrenka. Dette var den siste paven som vart krona; etter han avskaffa Johannes Paul I heile seremonien.

Paveverk[endre | endre wikiteksten]

Paul VI
Foto: Lothar Wolleh

I 1965 etablerte Paul VI Bispesynoden, eit av dei katolske styringsorgana som sikrar kommunikasjon mellom biskopane. Han haldt to saker unna verkefeltet til synoden: Prestesølibat og prevensjon. Begge delar omtalte han seinare i encyklikaer.

Tvil[endre | endre wikiteksten]

Samanlikninga med den vinglande prinsen Hamlet skulle visa seg å passa. Paul VI sleit til tider med å ta avgjerder, særleg i vanskelege saker. Då den amerikanske kardinalen John Patrick Cody blei skulda for økonomiske og seksuelle brotsverk klarte paven ikkje bestemma seg for kva han skulle gjera, og kalla ved eit tilfelle tilbake sendemannen sin frå Roma flyplass då han var på veg til USA for å avsetja kardinalen. Cody blei sitjande til han døydde.

Paven klarte heller ikkje å handtera opprøret til erkebiskop Marcel Lefebvre som nekta å akseptera endringane frå det andre vatikankonsilet. Saka blei ståande til etter at Paul VI døydde; det var til slutt Johannes Paul II som ekskommuniserte Lefebevre.

Reising[endre | endre wikiteksten]

Paul VI var den første paven som vitja alle dei fem verdsdelane, og var den paven som hadde reist mest i historia fram til Johannes Paul II slo rekorden. Han fekk derfor tilnamnet Pilegrimspaven.

Under eit besøk på Filippinane i 1970 blei han utsett for eit attentat. Den offisielle uttalinga frå Vatikanet fortalte at han kom uskadd ifrå det, men uoffisielle kjelder hevda at han fekk eit knivstikk utan å bli påført alvorleg skade.

Skrifter[endre | endre wikiteksten]

Encyklikaen Humanae Vitae (Menneskelivet) blir rekna som ei av dei mest kontroversielle sidene ved Paul VI si pavetid. Ein kommisjon oppretta av Johannes XXIII for å drøfta spørsmålet om kunstig prevensjon hadde konkludert med at kyrkja burde gjennomgå standpunktet sitt på dette. Paul VI var ikkje einig, og skildra dette i Humanae Vitae, noko som vakte oppsikt og blei kritisert. Verket handlar samstundes om mykje anna enn prevensjon, og er eit viktig katolsk skrift om kristen seksualitet og seksualmoral.

Gravsteinen til Pave Paul VI

Slutten av pontifikatet[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av pavetida si kjente Paul VI at alderen pressa på, og vurderte ope å abdisera. Igjen blei han sitjande utan å ta noko avgjerd, og til slutt tok døden avgjerda for han.

Nokre månader før han døydde forretta paven i gravferda til den italienske statsministeren Aldo Moro som var blitt myrda av Røde brigader. Paven og Moro kjente kvarandre frå den katolske studentorganisasjonen FUCI der dei hadde vore aktive fleire år tidlegare.

Paul VI døydde i Castel Gandolfo, sommarbustaden til pavane, og blei gravlagd i krypten i Peterskyrkja.