Pavie Ridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pavie Ridge
rygg
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 68°34′S 66°59′W / 68.567°S 66.983°W / -68.567; -66.983
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Pavie Ridge
68°34′00″S 66°59′00″W / 68.5666667°S 66.9833333°W / -68.5666667; -66.9833333
Pavie Ridge is located in Antarktis
Pavie Ridge (Antarktis)

Pavie Ridge, Cap Pavie eller Île Pavie er ein isolert klipperik fjellrygg på over 500 moh, som strekkjer seg sør og vest frå Martinbreen til Moraine Cove og dannar søraustgrensa til Bertrand forlandsbre, på vestkysten av Graham Land.

Området vart kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under John Riddoch Rymill, men staden som vart namngjeven av Jean-Baptiste Charcot vart ikkje identifisert. Etter fleire landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948, vart Jean-Baptiste Charcot sin «Île Pavie» identifisert frå teikningane til Maurice Bongrain som staden som i dag vert kalla Red Rock Ridge. Namnet Red Rock Ridge vart ikkje endra, sidan det alt var i bruk. Namnet Pavie Ridge er derfor godkjend for den isolerte ryggen oppom sørsida av Bertrand forlandsbre, like ved staden som Jean-Baptiste Charcot gav namn. Pavie Ridge vart namngjeven av Jean-Baptiste Charcot, truleg etter Auguste J. M. Pavie (1847-1925), ein fransk diplomat og oppdagar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]