Pavlovsk

Koordinatar: 59°41′N 30°26′E / 59.683°N 30.433°E / 59.683; 30.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Pavlovsk i Voronezj oblast.
Pavlovsk
Павловск
Jernbanestasjonen i Pavlovsk
Jernbanestasjonen i Pavlovsk
Jernbanestasjonen i Pavlovsk
Plassering
Pavlovsk is located in Russland
Pavlovsk is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt St. Petersburg
Grunnlagd
Bystatus
1777
1796
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2003)

15 000
Koordinatar 59°41′N 30°26′E / 59.683°N 30.433°E / 59.683; 30.433
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 812

Pavlovsk (russisk Па́вловск) er ein by underlagt den føderale byen Sankt Petersburg i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 30 km sør for sentrum av St. Petersburg og like sør for Tsarskoje Selo.

Byen vart bygd opp rundt Pavlovsk-palasset, ein av dei mest storslagne bustadane til den russiske tsarfamilien. Han er ein del av verdsarvlista Sankt Petersburg og den tilhøyrande minnesmerka.

Pavlovsk-palasset
Frå Pavlovsk-parken
Eit lite fort vart bygt i Pavlovsk.
Fortet vart sterkt skadd under den andre verdskrigen.

Pavel I-palasset[endre | endre wikiteksten]

Historia til byen starta i 1777Katarina II gav eit landområde på rundt 362 desjatina langs Slavjankaelva til sonen Pavel i samband med at det første barnet hans vart fødd. Byen er kalla opp etter han.

I 1780 fekk den fasjonable skotske arkitekten Charles Cameron ansvaret for byggeverksemda i Pavlovsk. Hans nyklassisistiske design for det store palasset vart godkjent av Pavel to år seinare. Rundt palasset vart det bygd ein enorm engelsk park, med mange tempel, kolonnadar, bruer og statuar.

Då Pavel overtok trona som Pavel I i 1796 var busetnaden ved palasset stor nok til å få byrettar. Etter Pavel døydde vart palasset residens for enkja hans, Maria Feodorovna. Det hamna så deretter under Konstantinovitsj-greina av Romanov-dynastiet.

Seinare historie[endre | endre wikiteksten]

Før revolusjonen var Pavlovsk favoritt-sommarstaden for velståande innbyggjarar i den russiske hovudstaden. Livet blant hos datsjnikiane i Pavlovsk vart skildra av Dostojevskij i romanen hans Idioten.

Den første jernbaneen i Russland opna mellom St. Petersburg og Pavlovsk 10. oktober 1837. Jernbanestasjonen vart nytta som ein slags konserthall, der kjendisar som mellom anna Johann Strauss d.y., Franz Liszt og Robert Schumann spelte. Mange av Strauss sine beste verk vart til rundt tida han heldt konsertar der. Den imponerande Vauxhall-paviljongen vart òg nytta for å trekke kundar til jernbanen. Den kjende paviljongen førte etter kvart til at ordet «Vokzal» vart ein del av det russiske språket i tydinga «stor jernbanestasjonsbygning».

Pavlovsk-palasset er truleg den best bevarte av dei russiske tsarbustadane utanfor hovudstaden. Det overdådige nyklassisistiske interiøret i palasset vart omhyggeleg restaurert etter den store brannen i 1803. Skadane som vart påført palasset under den tyske okkupasjonen i 1941–1943 var store, men ikkje så øydeleggjande som tilfellet var med Peterhof og Tsarskoje Selo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]