Payas-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Payas er ei elv sør i Anatolia i Tyrkia, nær grensa til Syria. Ein trur dette er same elv som Pinaros i antikken, der Aleksander den store slo Darius III av Persia i det første slaget ved Issus, og er truleg åstad for det andre og tredje slaget med same namn i mellomalderen.

Sjølv om er historisk viktig er sjølve elva ikkje meir enn nokre meter brei og renn vestover frå dei bratte fjella lenger aust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]