Peñón de Alhucemas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peñón de Alhucemas, sett frå den marokkanske kysten

Peñón de Alhucemas eller «Lavendelklippen» er ein av plazas de soberanía i Spania, like utanfor kysten av Marokko.

Peñón de Alhucemas og øyane Isla de Mar og Isla de Tierra litt lenger vest dannar Alhucemasøyane. Dei ligg 300 meter utanfor den marokkanske byen Al Hoceima eller Alhucemas (tidlegare Villa Sanjurjo), 146 km aust for Ceuta og 84 km vest for Melilla.

Peñón de Alhucemas er ei lita klippe, som måler 220 meter frå aust til vest og 84 meter frå nord til sør, med eit areal på 1,5 hektar eller 0,015 km² og ei høgd på 27 meter over havet. Det ligg ei festning, nokre hus og ei kyrkje over heile øya.

Isla de Tierra er ein bratt, 11 meter høg klippe, 114 meter nord for den marokkanske stranda. Ho er 192 meter lang og 87 meter brei, med eit areal på 1,7 hektar.

Isla de Mar er ei flat, 4 meter høg, øy. Vestenden av ho ligg 93 meter nord for Isla de Tierra. Ho er 245 meter frå aust til vest, og opp til 70 meter brei med eit areal på 1,4 hektar.

Samla har øygruppa eit areal på 4,6 ha eller 0,046 km².

Øyane har vore under Spania sidan 1559, då området som då høyrde til Saadi-dynastiet vart gjeven til Spania mot at dei skulle hjelpe dei i forsvaret mot Det osmanske riket. I 1673 sende Spania ein garnison til øya Peñón de Alhucemas og ho har vore permanent busett sidan den gong. I dag ligg ei festning med ein 60 mann stor spansk militærgarnison på øya.

Øya vart òg nytta som landgangsstad av spanske og franske styrkar i 1925 under Rif-krigen.

Marokko har gjort krav på øyane sidan sjølvstende deira i 1956.

Spanske område i Nord-Afrika.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 35°13′N 3°53′W