Peacock Sound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peacock Sound
sund
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 72°47′S 99°05′W / 72.783°S 99.083°W / -72.783; -99.083
Lengd 216 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Peacock Sound
72°47′00″S 99°05′00″W / 72.783305555556°S 99.083305555556°W / -72.783305555556; -99.083305555556
Peacock Sound is located in Antarktis
Peacock Sound (Antarktis)

Peacock Sound er eit isfylt sund som er 216 km langt og 64 km breitt og ligg mellom Thurston Island og Eights Coast i Ellsworth Land i Antarktis. Sundet er dekt av den vestlege delen av Abbot isbrem, og derfor ikkje farbart for skip.

Sundet vart oppdaga av medlemmar av USAS på flyturar frå skipet «Bear» i februar 1940, og vart vidare skissert frå flyfoto teken under US Navy Operasjon Highjump i desember 1946. I februar 1960 vart det oppdaga at sundet gjekk parallelt til heile sørkysten av Thurston Island, og fekk slik stadfesta at Thurston var ei øy. Sundet er kalla opp etter sluppen «Peacock» med kaptein William L. Hudson, som i lag med «Flying Fish» under løytnant William M. Walker, begge frå USEE, 1838-42, segla langs kanten av pakkis nord for Thurston Island i fleire dagar i mars 1839.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]