Peak District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peak District nasjonalpark
«The Peaks»
Nasjonalpark i England
none  Mam Tor i Peak District nasjonalpark
Mam Tor i Peak District nasjonalpark
Offisielt namn: Peak District
Land Flag of England.svg England
Grevskap Derbyshire, Cheshire, Greater Manchester, Staffordshire, South Yorkshire, West Yorkshire
Høgaste punkt
 - stad Kinder Scout, Derbyshire
 - høgd 636 moh [1]
Areal 1 437 km² [2]
Folketal 38 100 (2000) [2]
Geologi hard korna sandstein, kalkstein
Grunnlagd 1951
For ålmenta Somme området opne for ålmenta
Vitjande 22 millionar [3]
IUCN kategori V - Verna område
Peak District nasjonalpark
Peak District nasjonalpark
Wikimedia Commons: Peak District

Peak District er eit høglandsområde i det sentrale og nordlege England. Det ligg for det meste i Derbyshire, men òg innanfor Cheshire, Staffordshire, samt South og West Yorkshire. Det meste av det er inkludert i Peak District nasjonalpark, som var den første nasjonalparken i Storbritannia. Parkgrensane vart trekt slik at ein unngjekk å få med byar, men Buxton er praktisk talt omringa av parken.

Området vert gjerne delt inn i den nordlege delen Dark Peak, der ein finn mykje myrlandskap, og den sørlege White Peak som er det mest folkesette området. Ifølgje parkstyresmaktene er Peak District den nest mest populære nasjonalparken i verda.

White Peak er eit kalksteinsområde, noko som medfører at det er mange grotter der. Under Dark Peak finn ein skifer og sandstein. Det høgaste punktet er toppen på Kinder Scout.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Masseinntrengningen på Kinder Scout var ein sivil ulydigheitsaksjon som vart gjennomført i 1932, og som var eit vasskilje for kampanjen for nasjonalparkar og fri tilgjenge til myrheiene. 17. april 1951 vart Peak District den første nasjonalparken i landet.

Den første langdistanseturvegen i landet er òg knytt til Peak District; Pennine Way byrjar i landsbyen Edale i hjartet av området.

Mange trur at namnet Peak District kjem av ordet peak, som tyder 'fjelltopp'. Dette stemmer ikkje; namnet kjem frå pict, ein referanse til jernalderfolket som levde i området, viss kultur truleg overlevde lengst nettopp i Derbyshire. Keltiske og pre-keltiske skikkar og festivalar har sett spor som ein enno kan sjå.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nuttall, J.; Nuttall, A. (1990). The Mountains of England & Wales - Volum 2: England. Cicerone. ISBN 1-85284-037-4. 
  2. 2,0 2,1 «The Peak District National Park - Fact Zone». PDNP Education. 2000. http://www.peakdistrict-education.gov.uk/Fact%20Sheets/fz16pop.htm. Henta 19. juli 2011. 
  3. Holloway, J. C.; Taylor, N. (2006). The Business of Tourism (7th ed.). Pearson Education. s. 149. ISBN 0-273-70161-4. « ... the Peak District being the most popular- claimed to be the second most visited National Park in the world, after Mount Fuji in Japan, with over 22 million visitors annually ...» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Peak District