Pearl
| Pearl Studioalbum av Janis Joplin and the Full Tilt Boogie Band |
||
| Innspelt | 5. september til 1. oktober 1970 | |
| Sjanger | Bluesrock | |
| Lengd | 34:10 | |
| Selskap | Columbia | |
| Produsent | Paul A. Rothchild | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Janis Joplin-kronologi | ||
| I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! (1969) |
Pearl | In Concert (1972) |
Pearl er det fjerde og siste albumet til Janis Joplin. Det kom ut 11. januar 1971, tre månader etter at ho døydde av ein heroinoverdose. Det var det første albumet hennar med Full Tilt Boogie Band.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Albumet har ein langt meir polert stil enn albuma ho spelte inn med Big Brother and the Holding Company og Kozmic Blues Band på grunn av produsenten Paul A. Rothchild og det nye bandet som akkompagnerte ho. Rothchild vart mest kjend som produsenten til The Doors, og arbeidde godt med Joplin. I lag klarte dei å lage eit album som synte det uvanleg store songtalentet hennar. Full Tilt Boogie var musikarane som hadde spelt med ho på den kjende Festival Express sommaren 1970, og mange songane på albumet vart introduserte på scenen i Canada.
Pearl inneheld hittar som «Me and Bobby McGee» skriven av Kris Kristofferson og Fred Foster og «Move Over», som ho skreiv sjølv. Joplin syng på alle songane bortsett frå «Buried Alive in the Blues», som vart teken med som ein instrumental fordi Joplin døydde dagen før ho skulle legge vokal på songen. Innspelinga, som starta tidleg i september, enda brått då Joplin døydde den 4. oktober 1970. Det ikoniske plateomslaget syner Joplin som lener seg tilbake i den victorianske stolen hennar med ein drink i handa.[1]
I 2003 vart albumet rangert på 122. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[2]
Innhald [endre]
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Move Over» | Janis Joplin | 03:43 |
| 2. | «Cry Baby» | Jerry Ragovoy, Bert Berns | 03:58 |
| 3. | «A Woman Left Lonely» | Dan Penn, Spooner Oldham | 03:29 |
| 4. | «Half Moon» | John Hall, Johanna Hall | 03:53 |
| 5. | «Buried Alive in the Blues» | Nick Gravenites | 02:29 |
| 6. | «My Baby» | Jerry Ragovoy, Mort Shuman | 03:26 |
| 7. | «Me and Bobby McGee» | Kris Kristofferson, Fred Foster | 04:33 |
| 8. | «Mercedes Benz» | Janis Joplin, Bob Neuwirth, Michael McClure | 01:48 |
| 9. | «Trust Me» | Bobby Womack | 03:17 |
| 10. | «Get It While You Can» | Jerry Ragovoy, Mort Shuman | 03:27 |
| Bonusspor på 1999-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 11. | «Tell Mama» (live) | Clarence Carter, Marcus Daniel, Wilbur Terrell | 06:32 | ||||||
| 12. | «Little Girl Blue» (live) | Richard Rodgers, Lorenz Hart | 03:50 | ||||||
| 13. | «Try (Just a Little Bit Harder)» (live) | Jerry Ragovoy, Chip Taylor | 06:52 | ||||||
| 14. | «Cry Baby» (live) | Jerry Ragovoy, Bert Berns | 06:29 | ||||||
| Bonusspor på 2004-utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 11. | «Happy Birthday, John (Happy Trails)» | 01:12 | |||||||
| 12. | «Me and Bobby McGee» (demoversjon) | 04:46 | |||||||
| 13. | «Move Over» (alternativ versjon) | 04:27 | |||||||
| 14. | «Cry Baby» (alternativ versjon) | 04:59 | |||||||
| 15. | «My Baby» (alternativ versjon) | 03:59 | |||||||
| 16. | «Pearl» (instrumental) | 4:29 | |||||||
| Bonusplate frå 2004 - Festival Express-turneen i Canada 1970 | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Tell Mama» | 06:49 | |||||||
| 2. | «Half Moon» | 04:38 | |||||||
| 3. | «Move Over» | 04:41 | |||||||
| 4. | «Maybe» | 03:57 | |||||||
| 5. | «Summertime» | 04:39 | |||||||
| 6. | «Little Girl Blue» | 05:10 | |||||||
| 7. | «That's Rock 'N Roll» | 05:03 | |||||||
| 8. | «Try (Just a Little Bit Harder)» | 09:11 | |||||||
| 9. | «Kozmic Blues» | 05:29 | |||||||
| 10. | «Piece of My Heart» | 05:21 | |||||||
| 11. | «Cry Baby» | 06:31 | |||||||
| 12. | «Get It While You Can» | 07:20 | |||||||
| 13. | «Ball and Chain» | 08:15 | |||||||
Medverkande [endre]
- Janis Joplin - vokal
- Clark Pierson - trommer, korvokal
- Bobbye Hall - conga, perkusjon
- Phil Badella - korvokal
- Brad Campbell - bass
- Ken Pearson - orgel
- Bobby Womack - akustisk gitar
- Richard Bell - piano
- Sandra Crouch - tamburin
- John Till - gitar
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pearl (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://thegazz.com/gblogs/newsounds/2005/07/
- ↑ Posted Nov 01, 2003 12:00 AM (2003-11-01). «122) Pearl». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/news/story/6598693/122_pearl.