Pearl Buck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pearl Sydenstricker Buck (døypenamn Pearl Comfort Sydenstricker, kinesisk 賽珍珠 Sài Zhēnzhū; pseudonym John Sedges; fødd 26. juni 1892 i Hillsboro, Vest-Virginia; død 6. mars 1973 i Danby, Vermont) var ein amerikansk forfattar.

Pearl S. Buck rundt 1932
Foto: Arnold Genthe
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1938

Ho fekk i 1938 Nobelprisen i litteratur for «för rika och äkta episka skildringar ur kinesiskt bondeliv och för biografiska mästerverk.»[1][2] Seks år før fekk ho Pulitzerprisen for The Good Earth (1931, Den gode jord).

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Pearl S. Buck og kong Gustav V.

Ho var dotter av ein presbyteriansk misjonær og budde ein del av barndomen i Keisarriket Kina. Frå 1910 til 1914 studerte ho på eit college i Virginia. I 1918 gifta ho seg med jordbruksøkonomen John Lossing Buck. I åra 1922 til 1932 arbeidde ho som professor i engelsk litteratur ved universitetet i Nanjing, hovudstaden i Republikken Kina.[3] Dottera deira leid av Føllings sjukdom som det på den tida ikkje fanst lækjebot for. Pearl Buck skildra erfaringane saman med dottera i boka The Child Who Never Grew (1950, om lag «Barnet som aldri voks opp»).

Kulturkollisjonen mellom USA og det fjerne austen pregar bøkene hennar og ho vart ei talskvinne for toleranse og forståing mellom ulike kulturar. Romanen The Good Earth blir rekna som meisterverket hennar. Det skildrar på ein varm måte livet til dei kinesiske bøndene.

Ho publisert 80 verk og fem romanar under pseudonymet John Sedges.

Nobelprisen[endre | endre wikiteksten]

Tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Pearl S. Buck høyrer til dei mest omstridde avgjerdene til den svenske Nobelpriskomiteen. Kritikarane reknar romanane hennar for litterært verdelause – eigentleg som triviallitteratur. Etter at ho fekk Nobelprisen har det vore i bruk ein uoffisiell regel som seier at berre forfattarar som har vore nominert minst ein gong før kan få prisen. Regelen blir i kulturpressa gjerne kalla «Lex Buck».

Saman med den chilenske forfattarinna Gabriela Mistral føreslo ho i 1950 den indiske filosofen og forfattaren Sri Aurobindo til Nobelprisen i litteratur.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • West Wind (1930)
  • The House of Earth (1935)
    • The Good Earth (1931)
    • Sons (1933)
    • A House Divided (1935)
  • The Mother (1933)
  • This Proud Heart (1938)
  • The Patriot (1939)
  • Other Gods (1940)
  • China Sky (1941)
  • Dragon Seed (1942)
  • The Promise (1943)
  • China Flight (1943)
  • The Townsman (1945) -- under psevdonymet John Sedges
  • Portrait of a Marriage (1945)
  • Pavilion of Women (1946)
  • The Angry Wife (1947) -- under psevdonymet John Sedges
  • Peony (1948)
  • The Big Wave (1948)
  • A Long Love (1949) -- under psevdonymet John Sedges
  • Kinfolk (1950)
  • God's Men (1951)
  • The Hidden Flower (1952)
  • Come, My Beloved (1953)
  • Voices in the House (1953) -- under psevdonymet John Sedges
  • Imperial Woman (1956)
  • Letter from Peking (1957)
  • Command the Morning (1959)
  • Satan Never Sleeps (1962)
  • The Living Reed (1963)
  • Death in the Castle (1965)
  • The Time Is Noon (1966)
  • Matthew, Mark, Luke and John (1967)
  • The New Year (1968)
  • The Three Daughters of Madame Liang (1969)
  • Mandala (1970)
  • The Goddess Abides (1972)
  • All Under Heaven (1973)
  • The Rainbow (1974)

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • The First Wife and Other Stories (1933)
  • Today and Forever: Stories of China (1941)
  • Twenty-Seven Stories (1943)
  • Far and Near: Stories of Japan, China, and America (1949)
  • Fourteen Stories (1961)
  • Hearts Come Home and Other Stories (1962)
  • Stories of China (1964)
  • Escape at Midnight and Other Stories (1964)
  • The Good Deed and Other Stories of Asia, Past and Present (1969)
  • Once Upon a Christmas (1972)
  • East and West Stories (1975)
  • Secrets of the Heart: Stories (1976)
  • The Lovers and Other Stories (1977)
  • Mrs. Stoner and the Sea and Other Stories (1978)
  • The Woman Who Was Changed and Other Stories (1979)
  • The Good Deed (1969)
  • Christmas Day in the Morning
  • The Refugee
  • The Chinese Children Next Door
  • The Enemy
  • The Frill

Sjølvbiografiar[endre | endre wikiteksten]

  • My Several Worlds (1954)
  • A Bridge For Passing (1962)

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

  • The Exile (1936)
  • Fighting Angel (1936)

Sakbøker[endre | endre wikiteksten]

  • Of Men and Women (1941)
  • How It Happens: Talk about the German People, 1914–1933, med Erna von Pustau (1947)
  • The Child Who Never Grew (1950)
  • The Man Who Changed China: The Story of Sun Yat-sen (1953)
  • My Several Worlds (1954)
  • For Spacious Skies (1966)
  • The People of Japan (1966)
  • The Kennedy Women (1970)
  • China as I See It (1970)
  • The Story Bible (1971)
  • Pearl S. Buck's Oriental Cookbook (1972)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "for her rich and truly epic descriptions of peasant life in China and for her biographical masterpieces".
  2. Nolbeltildelinga på nobelprize.org
  3. Leksikonartikkelen til forlaget F.A.Brockhaus (red.): Nobelpreise. Chronik herausragender Leistungen. Mannheim 2001, ISBN 3-7653-0491-3, s. 374.]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pearl Buck