Peckforton Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn frå Stanner Nab på Peckforton-ryggen
Woodland på Stanner Nab

Peckforton Hills er ein sandsteinsrygg som går om lag frå nordaust-sørvest vest i det engelske grevskapet Cheshire. Dei danner ein vesentleg del av den lengre Mid Cheshire Ridge som strekkjer seg sørover frå Frodsham mot Malpas.

Bulkeley Hill ligg i sørenden og ryggen heldt fram sørpver med Bickerton Hill. Det høgaste punktet er Peckforton Point (203 moh), like nord for Bulkeley Hill og Stanner Nab (200 moh), som ligg mot nordenden av ryggen.

Av busetnader kring åsen finn ein Burwardsley i vest, Beeston i nord, Peckforton i aust og Bulkeley i sør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Peckforton Hills

Koordinatar: 53°6′N 2°42′W