Pedek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei tidlegare fabrikklokala til Pedek på Hop

Pedek eller A/S Petersen og Dekke var eit industriselskap grunnlagd som personleg selskap av Christian Petersen og Johan J. Dekke i 1887. Dei første driftsåra dreiv selskapet ein tekstilfabrikk i Verftsbakken (i dag Georgenes Verft) i Bergen. Etter at driftsbygningen brann ned i 1892, vart eit nybygg reist på branntomta.

Bomullsunderbukse med snøring produsert ved Petersen og Dekke Tricotagefabrik i Bergen.[1]

Petersen hadde tidlegare styrt Hop Tricotagefabrik ved Hopsfossen på Hop i Fana frå 1879 til 1887, ei verksemd han hadde grunnlagd i lag med syskenbarnet Jørgen Petersen. I 1890-åra la dei planar om å utvide verksemda til begge fabrikkane med nye anlegg i Sverige. Dette førte til opprettinga av A/S Petersen og Dekke, som seinare fekk namnet Pedek. Det nye selskapet omfatta dei to gamle fabrikkane, og ein ny fabrikk i Borås i Sverige. I 1903 vart fabrikkverksemda i Verftsbakken flytta til Hop, og fabrikken i Sverige vart samstundes skild ut som eit eige selskap. Fabrikken på Hop vart etter kvart kraftig utvida og på det meste jobba 350 menneske her. Det vart òg oppretta ein eigen skule for borna til dei som jobba her, Hop fabrikkskole.

Langerma Pedek ullundertrøye.[2]

I 1950-åra satsa Pedek sterkt på eksport og utvida med avdelingar på Møhlenpris, i Etne og i Stavanger. Pedek fusjonerte i 1965 med P. Christensens Tricotagefabrik A/S i Drammen til det nye selskapet A/S Teksal. Dette gjekk så dårleg at det gjekk overende alt året etter, og i 1976 måtte òg produksjonen på Hop leggast ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0. 
Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]