Peder Anzjøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Peder Paulsson Anzjøn (23. januar 180623. mai 1890) var ein lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Namsos.

Anzjøn var son til ein lensmann og gardbrukar i Namsos. Sjølv var han lensmann i Vikna frå 1830, frå 1839 også i Nærøy. Gardbrukar på garden Åkvik i Vikna. Han var medlem av heradsstyret i mange år, sparebankdirektør frå 1858 og elles forlikskommissær. Slutta som lensmann fyrst i 1890, kort før han døydde.

Anzjøn var valmann 1838-76, og var 3. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget i 1842. Han var då medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Ved stortingsvala for 1845 til -51 kom han på tredje og fjerde varamannsplassar.

Han døydde i Nærøy i 1890.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914