Peder Colbjørnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Colbjørnsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1683
Død

17. mars 1738 (54 år)

Yrke forretningsdrivande
Far Colbjørn Torstensen Arneberg
Peder Colbjørnsen på Commons

Peder Colbjørnsen (fødd 5. juli 1683 i Sørum, død 17. mars 1738 i Fredrikshald) var ein norsk handelsmann, militær og krigshelt.

Bakgrunn og familie[endre | endre wikiteksten]

Peder Colbjørnsen var son av presten Colbjørn Torstensen Arneberg og Catharina Kjeldsdatter Stub. Han vart i oktober 1720 gift i Arendal med Hilleborg Dund (eller Duns). Ekteskapet vart formelt oppløyst 1733, og han hadde levt fråskild frå hustrua si frå 1729. Peder Colbjørnsen var bror av krigshelten Hans Colbjørnsen, halvbror av nasjonalheltinna Anna Colbjørnsdatter, dotterson av krigarpresten Kjeld Stub og nevø av assessor og president i Christiania Niels Kjeldsen Stub.

Handel i Fredrikshald[endre | endre wikiteksten]

Peder Colbjørnsen etablerte seg som handelsmann i Fredrikshald tidleg på 1700-talet, der morbroren hans Niels Stub allereie hadde store landeigedomar. Colbjørnsen dreiv truleg eit handelssamarbeid med broren sin Hans Colbjørnsen, og handla for det meste innanfor trelast. Han arva etter morbroren Niels Stub i 1721 omfattande landeigedomar i området omkring Fredrikshald. Brørne dreiv omfattande handel i Sverige, og hadde god kjennskap til aktuelle hendingar der.

Felttoget il Karl XII i 1716-18[endre | endre wikiteksten]

Våren 1716 invaderte Karl XII og troppane hans Noreg. Brørne Colbjørnsen var sterkt delaktige i forsvaret av Fredrikshald. 20. mars 1716 vart eit kompani av frivillige oppretta av borgarar av Fredrikshald og bønder frå Tistedalen, og Peder Colbjørnsen var leiar for dette.

Brørne Colbjørnsen deltok i skipinga av eit frikompani, oppføring av batteri omkring Fredrikshald og vern av borgarane til byen. Då dei svenske styrkane var i ferd med å få eit militært overtak i byen, lét brørne sine tenarar stikke husa deira i brann. Dermed brann byen ned, og svenskane tapte overtaket sitt og måtte forlate byen. Dei tok likevel brørne Colbjørnsen til fange.

Frå denne episoden henta Bjørnstjerne Bjørnson inspirasjonen til desse linjene i Noregs nasjonalsong:

«Thi vi heller byen brente enn det kom til fall. Husker bare hva som hente ned på Fredrikshald.»

Brørne deltok òg i forsvaret av Fredrikshald ved det svenske åtaket i 1718.

Peder Colbjørnsen vart ved besøket til Christian VI i Fredrikshald i 1733 utnemnd til oberstløytnant av infanteriet.

Det vart i 1850-åra reist ei minnestøtte for brørne Colbjørnsen i Fredrikshald. Peder Colbjørnsen fekk dessutan i 1878 ei gate kalla opp etter seg i byen. Han er ein av fire personar som er gravlagt i kjellaren til Immanuels kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]