Peder Kolstad si regjering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Peder Kolstad si regjering blei utnemnd den 12. mai 1931. Det var ei regjering som gjekk ut frå Bondepartiet.

Etter at statsminister Peder Kolstad døydde den 5. mars 1932 blei regjeringa omdanna til Jens Hundseid si regjering den 14. mars same året.

Namn Frå Til
Statsminister Peder Kolstad 12. mai 1931 1. februar 1932
Birger Braadland (fungerande) 1. februar 1932 29. februar 1932
Nils Trædal (fungerande) 29. februar 1932 10. mars 1932
Birger Braadland (fungerande) 10. mars 1931 14. mars 1932
Utanriksminister Birger Braadland 12. mai 1931 29. februar 1932
Nils Trædal (fungerande) 29. februar 1932 10. mars 1932
Birger Braadland 10. mars 1932 14. mars 1932
Kyrkje- og undervisingsminister Nils Trædal 12. mai 1931 14. mars 1932
Justisminister Asbjørn Lindboe 12. mai 1931 14. mars 1932
Forsvarsminister Vidkun Quisling 12. mai 1931 14. mars 1932
Finansminister Peder Kolstad 12. mai 1931 1. februar 1932
Jon Sundby (fungerande frå 1. feb, konstituert frå 25. feb) 1. februar 1932 14. mars 1932
Handelsminister Per Larssen 12. mai 1931 14. mars 1932
Arbeidsminister Rasmus Langeland 12. mai 1931 14. mars 1932
Landbruksminister Jon Sundby 12. mai 1931 25. februar 1931
Ivar Kirkeby-Garstad (konstituert) 25. februar 1931 14. mars 1932
Sosialminister Jacob N. Vik 12. mai 1931 14. mars 1932

Statsminister Peder Kolstad fekk sjukepermisjon den 1. februar 1932, og døydde 5. mars same året. Birger Braadland overtok som fungerande statsminister, men medan han var i Geneve var Nils Trædal fungerande statsminister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]