Peder Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Svendsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. november 1868
Frol kommune
Død

6. juni 1933 (64 år)
Trondheim

Yrke politikar, emissær
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet, Venstre
Far Faste Svendsen

Peder Svendsen (13. november 18681933) var ein norsk emissær for fråhaldssaka og stortingsmann for Venstre. Predikanten Faste Svendsen var far hans.

Svendsen var fødd i Frol i Nord-Trøndelag. Sjølv gjekk han latinskulen i Molde, før han gjekk i smedlære i Trondheim. Etter ei reise i utlandet starta han og ein annan kar i 1890 ein maskinverkstad i Trondheim. Frå 1894 var Svendsen tilsett reisesekretær for godtemplarordenen (IOGT) i Noreg, la sågar ut på reiser til Sverige og Nord-Amerika. Perioden 1900-06 var han med i formannskapet i Trondheim.

Svendsen var i valperioden 1900-03 tredje representant på Stortinget for bykrinsen Trondhjem og [[Levanger}}. Han var medlem av Lagtinget og av sosialkomiteen, dessutan i 1902 medlem av komiteen som vurderte krava til sjødugleiken for skip.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]