Pedofili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pedofil)

Pedofili (frå gr. pais (barn) + filos (ven, elskar) er ein parafili kjenneteikna av at ein person vert kjenslemessig og seksuelt tiltrekt av barn som ikkje har kome i puberteten. Vaksne som er tiltrekte av barn som er i puberteten, vert kalla hebefile, men ordet pedofili vert også brukt om desse, særleg opp til barnet har nådd den seksuelle lågalderen. Tidlegare trudde ein at dei fleste pedofile var menn.

Seksuelle handlingar retta mot barn vert i dei fleste samfunn rekna for å vera overgrep og er straffbare handlingar, fordi ein meiner at barn ikkje er mogne for seksuell omgang med vaksne, og fordi barnet si seksuelle og psykiske utvikling kan verta skada av det. Pedofile er difor tvungne til å undertrykkja seksualiteten sin. For å unngå overgrep mot barn og psykiske problem hjå pedofile, vert pedofile rådde til å søkja hjelp hjå psykolog eller psykiater. Dei fleste pedofile utfører av juridiske og moralske grunnar ikkje seksuelle handlingar mot barn.

Ordet pedofili vert ofte feilaktig brukt synonymt med seksuelle overgrep mot barn og med incest.[1] Pedofili og andre parafiliar har òg lenge vorte sett på som ei psykisk liding, og pedofili er framleis rekna for å vera ein psykiatrisk diagnose. I dei siste åra har nokre pedofile i Noreg jobba for å spreia informasjon om det dei sjølve meiner om pedofili og om korleis dei lever som pedofile utan å skada barn. Den norske advokaten Tor Erling Staff har også gått så langt som å seia at det ikkje er noko gale i at vaksne har sex med barn.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Artikkel Arkivert 2009-04-15 ved Wayback Machine. på ung.no
  2. Attgjeve i mange norske nyhendeoppslag hausten 2005, frå sjølvbiografien til Staff.
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.