Peer Gynt-vegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peer Gynt vegen

Peer Gynt-vegen er ein kring 60 km lang privateigd turistveg som går frå Svingvoll i Gausdal til Ruten i Espedalen. Vegen er berre open om sommaren. Det er bomveg fra Skeikampen til Gålå. Han fortset på kommunal veg forbi Fefor, men for å køyre vidare til Ruten må ein gjennom ny bom ved Hattdalsseter. Det høgaste punktet på vegen er Listulhøgda på 1068 moh.

Ved Fagerhøy går det ein sideveg via Vendalen til Hundorp og fra Gålå går det veg ned til Harpefoss og Vinstra.

Vegen vart opna i 1956. I motsetnad til Peer Gynt setervei, nordaust for Vinstra i Nord-Fron, går ikkje Peer Gynt-vegen gjennom område som har tilknyting til Peer Gynt-tradisjonen.

Den fyrste etappen av vegen er særleg populær. Spesielt tyske og nederlandske turistar nyttar dette høvet til å kome opp i høgfjellsnatur etter berre få timars køyretur frå Oslo.

Vegen vert òg nytta av sykkelturistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]