Peipus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Peipus | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | På grensa mellom Estland og Russland |
| Koordinatar | |
| Tilsig | Emajõgi, Velikaja |
| Utsig | Narva |
| Tilsigsområde | 47 800 km² |
| Tilknytte land | Estland, Russland |
| Overflateareal | 3 555 km² |
| Middeldjupne | 7 m |
| Største djupne | 12,9 m |
| Vassvolum | 25 km³ |
| Kystlengd1 | 520 km |
| Høgd over havet | 30 m |
| Øyar | Piirissaar, Kolpin, Kamenka |
| Busetnadar | Mustvee, Kallaste |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Peipus (estisk: Peipsi järv, russisk: Чудское озеро, Tsjudskoje ozero) er ein stor innsjø på grensa mellom Estland og Russland. Peipus er den fjerden største innsjøen i Europa, med eit areal på 3 555 km². Berre Ladoga, Onega og Vänern er større i Europa.
Peipus er ein grunn innsjø, med største djup på 15 meter og gjennomsnittsdjup på 7 meter. Fiskelivet i sjøen er rikt, men sjøen er forureina etter utslepp i Sovjet-tida.
Elva Emajõgi munnar ut i Peipus frå Võrtsjärv i vest. I nord renn Narvaelva ut av Peipus og til havet i Finskebukta.
I 1242 var innsjøen åstad for Slaget ved Peipus (kjend i Russland som Slaget på isen) mellom Den tyske riddarordenen og folk frå Novgorod under Aleksander Nevski.
Bakgrunnsstoff [endre]
- livinglakes.com om Peipus og Võrtsjärv
- Peipsi Infokeskus Estonian tourist information website