Pekka Zajkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pekka Mefodijevitsj Zajkov)
Gå til: navigering, søk

Pjotr Mefodijevitsj Zajkov (fødd 16. november 1946) er ein karelsk språkforskar frå Joensuu som framfor alt har arbeidd med karelsk og med akkalasamisk.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Pekka (Pjotr) Zajkov voks opp i Kiestinki, i nærleiken av sjøen Koutajarvi i den karelsk-finske sosialistiske sovjetrepublikken. I tillegg til å vere karelar har han også samisk bakgrunn, med samisk bestefar og samiske røter også på morssida[1].

Zajkov har arbeidd ved instituttet for språk, litteratur og historie ved den karelske filialen av Det russiske vitskapsakademiet i Petrozavodsk. No er han professor i karelsk ved universitetet i Joensuu.

Lingvistisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til ein liten monografi over akkalasamisk fonologi og morfologi frå 1988 og ei kolasamisk tekstsamling frå 1988 (i lag med V.Z. Panfilov og G.M. Kert) har han også arbeidd med namnespørsmål i Karelen og med karelsk grammatikk.

Vigtige arbeid[endre | endre wikiteksten]

  • Zajkov, P. M. 1987. Babinskij dialekt saamskogo jazyka (fonologo-morfologitsjeskoe issledovanie). Petrozavodsk. (russisk)
  • Panfilov, V. Z., G. M. Kert, and P. M. Zajkov. 1988. Obrazcy saamskoj retsji. Petrozavodsk. (russisk)
  • Zajkov, P. M. 2000. Glagol v karelʼskom jazyke. Petrozavodsk. (russisk)
  • Zajkov, P. M. 2002. Grammatika karelʼskogo jazyka. Petrozavodsk. (russisk)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jaan Õispuu: Zum Jubileum eines karelischen Sprachwissenschaftlers: Pekka Zajkov - 60. I: Linguistica Uralica. 2006. 297-299. (tysk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]