Pelé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pelé
Pelé 1960.jpg
Personleg informasjon
Namn Edison Arantes do Nascimento
Fødselsdato 23. oktober1940
Fødestad Três Corações; Sao Paulo i Brasil
Høgd ca. 175cm.
Posisjon Spiss
Ungdomsklubb
1952-1956 Bauru EC
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1956-1974
1975-1977
Santos
New York Cosmos
605 (589)
64 (37)
Landslag
1956-1971 Brasil 92 (77)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Edison Arantes do Nascimento (fødd 23. oktober 1940), betre kjend som Pelé, er ein tidlegare brasiliansk fotballspelar. Han vert av mange rekna som den beste fotballspelaren gjennom tidene. Pelé har vorte kåra av FIFA til den beste spelaren i verda i det 20. hundreåret.

Bill Clinton og Pelé

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Pelé starta å spele for Santos i 1956 15 år gammal. Ti månadar seinare spela han den første landskampen sin. Under VM i Sverige i 1958 vart han verdsmeister for Brasil. Han var då berre 17 år gammal, den yngste verdsmeisteren i fotball nokon gong. Han vart verdsmeister med Brasil to gonger til, i 1962 og 1970. Han er den einaste spelaren som har vorte verdsmeister tre gonger.

Fram til 1974 spela han for den brasilianske klubben Santos. Han scora 1088 mål for klubben på 1114 kampar. Pelé enda karrieren i New York, der han frå 1974 til 1977 spela for New York Cosmos. 19. november 1969 scora han det tusende målet sitt på Maracanã. Då han la opp i 1977 etter 22 år som aktiv fotballspelar, hadde han scora i alt 1281 mål på 1363 kampar.

Pelé har eit kaffimerke oppkalla etter seg; Café Pelé, som vert seld i meir enn 50 land, også i Skandinavia.

Han vart i 1998 utnemnd til Honorary Knight Commander of the Order of the British Empire.

Pelè var son av den tidlegare fotballspelaren Dondinho (fødd Joao Ramos do Nascimento).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pelé