Pelagisk sone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For øyane i Middelhavet, sjå Dei pelagiske øyane.
Dei ulike delsonene i pelagialen slik han er i havet

Den pelagiske sona eller pelagialen er dei delane av havet eller ein innsjø som ikkje er knytt til kystar eller direkte til botnen. Livet her vert delt inn i plankton, som flyt tilnærma passivt med straumen, og nekton, som sym uavhengig av straumretninga. Livsformer som både utnyttar pelagialen og botnen vert omtala som benthopelagiske.

Pelagisk sone i havet[endre | endre wikiteksten]

I havet delar ein den pelagiske sona inn i fleire delsoner, etter djupn og lystilhøve.

Den epipelagiske sona går frå overflata til om lag 200 m djup, og vert stundom òg kalla den fotiske sona. Denne sona er den einaste som får tilført nok sollys til at fotosyntese er mogleg, og er såleis den biologisk rikaste delen av pelagialen. Det er her ein finn dei fleste store plankton-etarane, som beitar på dei enorme mengdene kril og hoppekreps ein særleg finn i kaldare havområde. Temperaturen og lysmengda varierer veldig innanfor epipelagialen.

Den mesopelagiske sona går frå ei djupn på om lag 200 m og ned til ca. 1000 m. Her er det lite lys, men temperaturen er stabil. Næringskjedene her baserer seg hovudsakleg på næring som søkk ned ovanifrå, særleg detritus. Mange artar vandrar mellom mesopelagisk og epipelagisk sone i løpet av døgeret. Dyr i mesopelagialen har ofte augo som er tilpassa svakt lys, mange av dei har òg lysorgan.

Den bathypelagiske sona går frå 1000 m til om lag 4000 m djupn. Her er det heilt mørkt, bortsett frå eit og anna lysglimt frå bioluminescente organismar. Livet her består av detritus-etarar og rovdyr. Sjølv om næringstilbodet er særs avgrensa på så djupt vatn, finn ein likevel fleire verkeleg enorme dyr her. Eit døme er kjempeblekksprut, som kan bli over 12 m lang.

Abyssopelagisk sone går frå 4000 m og ned til djuphavsslettene. På så djupt vatn er trykket enormt, men ein finn likevel liv her. Som regel er organismane i abyssalen blinde, små og fargelause.

Hadopelagisk sone vert som regel brukt om dei frie vassmassane i djuphavsrennene, sjølv om somme òg brukar det om alt pelagisk vatn frå 6000 m og ned. Livet her er lite kjend, men har mest sannsynleg mange fellestrekk med dei i abyssopelagialen. Organismane som bur her er så godt tilpassa dei høge trykkpåkjenningane at dei døyr viss dei vert tekne med opp til område med lågare trykk.

Pelagisk sone i innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Økologiske soner i innsjøar vert ofte delt inn litt annleis enn i havet, men me finn ei pelagialsone her òg. Denne delar me inn i fotisk og afotisk sone ut frå om det finst fotosyntetiserande organismar der.

I den fotiske sona finn me varierande mengder diatomèar, cyanobakteriar og andre algar. Kor langt ned denne sona går avhengar av kor stor algevoksteren er, i næringsfattige vatn kan ho som i havet gå ned til rundt 200 m, medan ho i særs næringsrike sjøar kan vera slutt allereie etter få centimeter. Den afotiske sona er mørk og dominert av detritus-etarar og predatorar.

Ferskvassystem er generelt ofte opnare enn dei marine økosystema, det vil seie at dei vert i større grad påverka av tilgrensande økosystem og at grensene mellom dei går meir diffust. For pelagiske økosystem i ferskvatn tyder det at næringsgrunnlaget for planktonetarane ofte vert supplert med t.d. overflateinsekt og klekkande insektegg og -puppar.

I norsk ferskvatn finn me få pelagialspesialistar, men former av røye og aure som lever i innsjøar er ofte pelagiske delar av livet sitt. På Austlandet er sik og krøkle òg viktige. Lågasild er den norske arten som er mest spesialisert til pelagisk liv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk wikipedia
  • Borgstrøm, Reidar & Hansen, Lars Petter (red): Fisk i ferskvann Landbruksforlaget 2000