Pelle Svansløs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pelle Svanslös)
Pelle Svanslös hus, nær slottet i Uppsala.
Pelle Svanslös hus, november 2008.

Pelle Svansløs (svensk Pelle Svanslös) er ein fiktiv halelaus katt skapt av den svenske forfattaren Gösta Knutsson. Den fyrste av tolv bøker om Pelle kom ut i 1939 og heitte Pelle Svanslös på äventyr. Handlinga er lagd til Uppsala i Sverige. Figurane i bøkene er kattar men har førebilete i verklege personar i dåtidas Uppsala. Bøkene om Pelle vert sett som ein protest mot den då stadig meir opne støtta til nasjonalsosialismen i Sverige, og såleis som ein satire over samtida. Dei har vorte omsette til fleire europeiske språk, mellom anna norsk, der hovudfiguren dels har gått under namnet Petter Stump, og dels Pelle Svansløs.

Pelle ein godhjarta og godtruande katt som støtt vert lurt og mobba av Elaka Måns og medhjelparane Bill og Bull. Det gode vinn likevel alltid og Pelle får til og med oppleve kjærleiken saman med Maja Gräddnos. I dei fyrste bøkene er Pelle familiekatt i eit husvære hjå barna Olle og Birgitta, men når han veks til innleiar han eit tilvære som sambuar med Maja i ein kjellarglugg.

I 1949 sette Kungliga teatern i Stockholm opp ein barneopera kalla Pelle Svanslös med musikk av Erland von Koch.

I 1981 vart det laga teiknefilm om Pelle. Der gav Ernst-Hugo Järegård røyst til Elaka Måns. Julekalenderen Pelle Svanslös gjekk i teaterform i Svensk Televison i 1997. I 2001 vart det så laga ein spelefilm med tittelen Pelle Svanslös och den stora skattjakten. Det har også vorte laga biletbøker om Pelle, og teikneserie.

Bøkene[endre | endre wikiteksten]

Nr. År Originaltittel Norsk tittel
1 1939 Pelle Svanslös på äventyr Petter Stump på eventyr (1944)
Pelle Svansløs på eventyr (1964)
2 1940 Pelle Svanslös på nya äventyr Petter Stump på nye eventyr (1944)
Pelle Svansløs på nye eventyr (1964)
3 1941 Pelle Svanslös i Amerika Petter Stump i Amerika (1946)
Pelle Svansløs i Amerika (1965)
4 1942 Pelle Svanslös Klarar sig
5 1943 Hur ska det gå för Pelle Svanslös?
6 1944 Pelle Svanslös och Taxen Max
7 1945 Pelle Svanslös i skolan Petter Stump på skolen (1949)
Pelle Svansløs på skolen (1965)
8 1946 Heja Pelle Svanslös
9 1947 Pelle Svanslös och Maja Gräddnos
10 1948 Trillingarna Svanslös
11 1951 Alla tiders Pelle Svanslös
12 1972 Pelle Svanslös ger sig inte

Alle bøkene utom den siste er illustrerte av Lucie Lundberg.

Filmatiseringar[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 - Pelle Svanslös, animert film i regi av Stig Lasseby
  • 1985 - Pelle Svanslös i Amerikatt, animert film i regi av Jan Gissberg og Stig Lasseby
  • 1997 - Pelle Svanslös, julekalender på TV i regi av Mikael Ekman
  • 2000 - Pelle Svanslös och den stora skattjakten, spelefilm i regi av Mikael Ekman, oppfølger til julekalendern frå 1997
  • 2020 - Pelle Svansløs, animert film i regi av Christian Ryltenius

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lundmark, Aili (2004). Ensamma Pelle och elaka Måns: Gösta Knutsson beskriver en antihjälte, en skurk och deras medhjälpare. Uppsala: Institutionen för nordiska språk. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]