Pellucid Marginal Degenerasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pellucid Marginal Degenerasjon (PMD, keratotorus) er ein degenering av hornhinna. PMD er ein variant av keratokonus. Oftast opptrer PMD i begge augene, men det finst rapportar på tilfelle der sjukdomen berre råkar eine auget[1]. Sjukdommen vart oppdaga i 1957[2]. PMD er ein sjeldan sjukdom, men det er ukjent kor mange tilfelle som dukkar opp kvart år.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Døme på skuggebilete slik dei kan opptre for ein person med PMD.

Synet vert gradvis forverra, ettersom hornhinna vert tynnare og endrar form. Hornhinna skal normalt ha jamn krumming, slik at lyset blir brote symmetrisk mot linsa i auget og vidare mot netthinna. Ved PMD vert hornhinna svakare, slik at forma vert meir kjegleforma. Synet blir dårlegare som følgje av at hornhinna får ei meir ujamn form, og dette fører til astigmatisme og skuggebilete. Synsforverringa kan bli svært alvorleg over tid.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Årsakene til at sjukdommen oppstår er ikkje kjende. Det er mogleg at det finst ein samanheng mellom PMD og sklerodermi[3]. Faktorar som rase, kjønn eller alder korrelerer ikkje med sjukdommen, sjølv om symptoma oftast oppstår i 20-40 års-alderend. 80% av dei som får sjukdommen har ein IQ på over 130[4][5].

Behandling[endre | endre wikiteksten]

På grunn av at hornhinna vert tynnare, er behandlingar som LASIK og PRK ikkje mogleg. Synet kan ofte korrigerast ved hjelp av korrigerande linser, ofte med harde kontaktlinser med overrefraksjon. Pasientar som nyttar slike linser har stundom fått problem med blending og med kontrastkjensle, men det er uklart om dette kjem av hornhinnesjukdomen eller sjølve kontaktlinsa.

Intacs[endre | endre wikiteksten]

Bruken av intacs implantat har vorte prøvd som behandling for PMD, med betring av synet etter elleve månader som resultat[6] [7].

Corneal cross-linking[endre | endre wikiteksten]

Corneal cross-linking (CXL) er ei behandlingsform som ikkje bidrar til noko større synsforbetring, men låser hornhinna i den tilstanden ho er i ved behandlinga. Ved CXL vert Riboflavin nytta saman med med UV-lys. Denna kombinasjonen forsterkar bindevevstrådane i hornhinna.

References[endre | endre wikiteksten]

  1. Basak, Hazra, Bhattacharya, Sinha (2000). «Unilateral pellucid marginal degenerasjon» (på English). Disha Eye Hospitals and Research Centre,. http://www.ijo.in/article.asp?issn=0301-4738;year=2000;volume=48;issue=3;spage=233;epage=4;aulast=Basak. Henta September 3, 2007. 
  2. Karim Rasheed, MD (2005). «Pellucid Marginal Degeneration» (på English). WebMD. http://www.emedicine.com/oph/topic551.htm. Henta September 3, 2007. 
  3. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/15186210
  4. Patient-Point organization (2010) "Keratokonus"
  5. Eye Ultimate (2008) "Information Keratoconus: Cause, Symptoms and Treatment"
  6. Intacs (2005). «A new FDA approved option for keratoconus filling the gap between contact lenses and a corneal transplant» (på English). Intacs. http://intacsforkeratoconus.com/main/. Henta September 3, 2007. 
  7. George D Kymionis M.D., Ph.D. (2003). «Intacs for early pellucid marginal degeneration» (på English). Department of Ophthalmology, University of Crete. http://www.sciencedirect.com/science?_ob=ArticleURL&_udi=B6VSF-4BNJK64-1X&_user=10&_coverDate=01%2F31%2F2004&_rdoc=1&_fmt=&_orig=search&_sort=d&view=c&_acct=C000050221&_version=1&_urlVersion=0&_userid=10&md5=ce7d780f6248644354013c87f7ebbb8e. Henta September 3, 2007.