Peloponneskrigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peloponnesarkrigen)
Peloponneskrigen var ein serie av konfliktar mellom det athenske sjøforbundet og det peloponnesiske forbundet som var leia av Sparta. Krigen varte frå 431 til 404 f. Kr. og vart dokumentert av den athenske generalen og historikaren Tukydid i verket Historia om Peloponneskrigen. Konflikten enda då Athen kapitulerte i 404 f. Kr. etter å ha mista flåten sin i slaget ved Aigospotamoi.
| Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |

