Pemmikan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pemmikan-bolle.

Pemmikan (engelsk pemmican, frå cree pimîhkân, av pimî, 'feitt')[1] er ei blanding av tørka kjøt, tørka bær og feitt som har høgt energiinnhald og held seg lenge. Konserveringsmetoden vart utvikla av nordamerikanske urfolk og spreidd til europeiske innvandrarar, koloniherrar og utforskarar. Pemmikan har blitt brukt blant anna på tidlege polarekspedisjonar og i militære stridsrasjonar. Blant anna brukte Roald Amundsen og Robert Falcon Scott pemmikan då dei gjekk til Sørpolen i 1911 og 1912.

Pemmikan blei opphavleg framstilt av bisonkjøt. Kjøtet blei skore opp i strimlar, lufttørka grundig, knust og mole saman med bøffelfeitt til ein fast deig. Denne blei stappa i skinnsekkar og tørka att. I tillegg til at kjøtet held seg lenge, kan pemmikan også brukast som reisekost, ettersom det er lite plasskrevande i høve til næringsinnhaldet. I dag blir pemmikan også laga industrielt til turbruk som ei blanding av tørka oksekjøt, oksetalg og ulike stive- eller sukkerhaldige stoff.

I dag er Pemmikan òg merkenamn på eit energitilskot til hundar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sinclair, J.M. (ed) English Dictionary Harper Collins: 2001. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  • Pemmikan (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 10. februar 2014.