Pendling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pendling er eit omgrep som blir brukt om gjentekne arbeidsreiser frå bustad til arbeidsstad, vanlegvis mellom eit område med spreidde bustader inn mot ein by og eit bysenter. Omgrepet blir gjerne brukt om dagpendling eller vekependling, avhengig av avstand og kommunikasjon mellom bustad og arbeidsstad.

Omgrepet pendlingsomland blir vanlegvis brukt for å definere ein byregion.