Penelope Fitzgerald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Penelope Fitzgerald
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 17. desember 1916
Lincoln i England
Død

28. april 2000 (83 år)
London

Yrke lyrikar, romanforfattar, skribent, biograf
Språk engelsk
Far E. V. Knox
Mor Christina C. Hicks

Penelope Fitzgerald (17. desember 191628. april 2000) var ein engelsk forfattar av romanar, dikt og sakprosa, særleg biografiar. Ho vann Booker-prisen i 1979.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Penelope Knox var dotter av Punch-redaktøren Edmund Knox og Christina Frances Knox, fødd Hicks, som også skreiv. Ho hadde tre særprega onklar, teologen og krimforfattaren Ronald Knox, kryptografen Dilly Knox og bibelforskaren Wilfred Knox. Begge bestefedrane var biskopar.

Knox gjekk på den private jenteskulen Wycombe Abbey og studerte ved Somerville College i Oxford etter å ha vunne eit stipend. Under andre verdskrigen arbeidde ho for BBC. I 1941 gifta ho seg med den irske soldaten Desmond Fitzgerald, og dei fekk tre ungar. I 1960-åra underviste Penelope Fitzgerald ved skodespelarskulen Italia Conti Academy. Ho arbeidde også i ein bokhandel i Southwold i Suffolk. Ei stund budde Fitzgerald i ein husbåtThemsen i London-bydelen Battersea.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Fitzgerald gav ut si første bok i 1975, 58 år gammal, då ho gav ut ei bok om den prerafaelittiske kunstnaren Edward Burne-Jones. To år seinare gav ho ut The Knox Brothers, ein biografi om faren og brørne hans der ho unngjekk å bruka sitt eige namn nokon stad.

Seinare i 1977 gav ho ut sin første roman, The Golden Child, ei komisk krimforteljing med utgangspunkt i det samtidige Tutankhamon-utstillinga ved British Museum. I løpet av dei neste fem åra gav Fitzgerald ut fire romanar, kvar av dei delvis knytte til livet hennar. The Bookshop dreidde seg om ein bokhandel i den oppdikta småbyen Hardborough. Offshore, som vann Booker-prisen, handlar om husbåtsamfunnet i Battersea i 1961. Human Voices skildrar livet ved BBC under andre verdskrigen, medan At Freddie's handlar om livet ved ein teaterskule.

Etter ein biografi om diktaren Charlotte Mew vende Fitzgerald seg mot historiske romanar. Innocence hadde handling frå Italia1950-talet, med Antonio Gramsci som ein biperson. The Beginning of Spring finn stad i Moskva i 1913, i verda like før den russiske revolusjonen, med ein russiskfødde britisk forretningsmann i hovudrolla. The Gate of Angels handlar om ein fysikar ved Cambridge i 1912, ei liknande revolusjonerande tid for fysikken. Den siste romanen til Fitzgerald, The Blue Flower, tok for seg den tyske diktaren Novalis, med opptredenare frå Goethe og filosofen von Schlegel. Boka fekk American National Book Critics Award, og er blitt rekna som meisterverket til Fitzgerald.

Ei novellesamling og ei samling av Fitzgerald sine artiklar, omtalar og kommentarar blei gjevne ut etter at ho døydde.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • The Golden Child (1977)
  • The Bookshop (1978), nominert til Booker-prisen
  • Offshore (1979), vann Booker-prisen for skjønnlitteratur
  • Human Voices (1980)
  • At Freddie's (1982)
  • Innocence (1986)
  • The Beginning of Spring (1988), nominert til Booker-prisen
  • The Gate of Angels (1990), nominert til Booker-prisen
  • The Blue Flower (1995)

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • The Axe (1975)
  • The Means of Escape (2000)

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

  • Edward Burne-Jones (1975)
  • The Knox Brothers (1977)
  • Charlotte Mew and Her Friends: With a Selection of Her Poems (1984)

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • A House of Air (2005)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]