Pennell Coast

Koordinatar: 71°0′S 167°0′E / 71.000°S 167.000°E / -71.000; 167.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pennell Coast is located in Antarktis
Pennell Coast
Pennell Coast (Antarktis)

Pennell Coast er den delen av kysten av Antarktis som ligg mellom Cape Williams og Cape Adare. Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) i 1961 etter løytnant Harry Pennell, Royal Navy, som var kommandør på «Terra Nova», ekspedisjonsskipet til den britiske antarktiskekspedisjonen, 1910-13. Pennell dreiv oseanografisk arbeid i Rosshavet i denne perioden. I februar 1911 segla han langs denne kysten for å setje i land ein ekspedisjon leia av løytnant Victor Campbell.

Namnet vert stundom laust nytta om både sjølve kysten og landet innanfor som strekkjer seg til vasskiljet i Southern Cross Mountains i søraust og Usarp Mountains i vest.

Langs kysten finn ein den 250 km lange Rennick Glacier (ein av dei største breane i Antarktis), Anare Mountains og nordenden av Bowers og Admiralty Mountains. Lenger inn i landet finn ein fleire små fjellkjeder som Freyberg Mountains og Concord Mountains, og to store firnområde, Rennick Neve og Evans Neve

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Pennell Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).


71°0′S 167°0′E / 71.000°S 167.000°E / -71.000; 167.000