Penningmanometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Penningmanometer eller phillipmanometer er eit instrument for måling av låge trykk, frå ca 1–10-5 Pa. Det består av eit røyr med ein ringforma anode plassert mellom to plater som er katodar. Desse kan anten vere plassert mellom eller utgjere polane på ein magnet. Anoden får ei spenning på 1–2 kV. Med det blir frigjort nokre elektron frå platene ved kald emisjon. I det sterke magnetfeltet pendlar elektrona fram og tilbake i spiralliknande banar og tilbakelegg ei forholdsvis lang vegstrekning før dei treffer anoden. Under rørsla støyter dei mot gassmolekyl i røyret og ioniserer dei, og dei positive iona blir lett fanga opp av dei store platene. Straumen til platene er proporsjonal med mengder produserte ion og dermed med trykket i røyret.

Manometeret er kalla opp etter den nederlandske fysikaren Frans Michel Penning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]