Pentagon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein pentagon er ein samanhengande geometrisk figur som er sett saman av fem sider, dvs ein geometrisk figur med 5 sider. I matematikken seier vi ein fem sidars polygon eller mangekant.
Sidene i denne polygonen treng ikkje å vere like lange.
Arealet av ein likebeina pentagon, der sidene har lengda a er:
[endre] Konstruksjon av ein likesida pentagon med passar og lineal
Vi kan konstruere ein femkant eksakt med passarog linjal (fargane er nemnde berre for å hjelpe til ved forklaringa):
- Teikn ein sirkel (blå) omkring eit punkt M.
- Teikn ein diagonal og ein annan diagonal vinkelrett på denne i M (raud strek)
- Halvér den eine radien (gul strek), punkt D.
- Teikn ein boge (grøn) med radien DE med sentrum i punkt D. Han kryssar lina AM i punkt F. Lina EF gjev sidelengda i pentagonen.
- Teikn ein boge med sentrum i E med radius EF (oransje). Bogen kryssar den store (blå) sirkelen i G. Flytt passarspissen frå E til G og teikn den neste sida, o.s.v.
Vinkelen EMG er 72 gradar.
[endre] Sjå òg
|
|
|---|
| Trekant · Firkant · Pentagon · Heksagon · Heptagon · Oktogon · Enneagon · Dekagon · Hendekagon · Dodekagon · Triskaidekagon · Pentadekagon · Heksadekagon · Heptadekagon · Enneadekagon · Icosagon · Chiliagon · Myriagon |
