Pentangle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pentangle

Pentangle held konsert i 2007
OpphavStorbritannia
Aktiv1968–1973 og 2007 (originalt band)
1981–2006 (forskjellige inkarnasjonar)
SjangerFolkrock, elektrisk folk,
folk baroque, folkjazz
Tilknytte artistarJacqui McShee's Pentangle
PlateselskapTransatlantic
Warner Bros. Records/Reprise Records
MedlemmerTerry Cox
Bert Jansch
Jacqui McShee
John Renbourn
Danny Thompson
Tidlegare medlemmerMike Piggott
Nigel Portman Smith
Peter Kirtley
Gerry Conway
Spencer Cozens
Jerry Underwood
Alan Thomson
Gary Foote

Pentangle (eller The Pentangle)[1] er eit britisk folkrockband med noko på verknad frå folkjazz. Det originale bandet var aktive seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra og ei seinare utgåve har vore aktive sidan tidleg i 1980-åra. Den originale besetninga, som var uendra gjennom den første inkarnasjonen (1967–1973) bestod av Jacqui McShee, vokal; John Renbourn, gitar; Bert Jansch, gitar; Danny Thompson, kontrabass; og Terry Cox, trommer.

Namnet Pentangle kom av at dei var fem medlemmer i bandet, og er òg merket på skjoldet til Sir Gawain i det mellomengelske diktet «Sir Gawain and the Green Knight», som fascinerte Renbourn.[2]

I 2007 vart originalmedlemmene samla for å motta ein ærespris under BBC Radio 2 Folk Awards og for å spele inn ein kort konsert som vart sendt på BBC radio. I juni 2008 heldt bandet med dei fem originale medlemmane tolv konsertar i Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

Bandet vart starta i 1967. Renbourn og Jansch var alt populære musikarar i det britiske folkemusikkmiljøet med fleire soloalbum kvar og ei plate i lag, Bert And John. Måten dei spelte gitar i lag på vart kalla «folk baroque», og hadde vorte særs karakteristisk for musikken deira. Dei delte òg hus i St John's Wood i London.[3]

Jacqui McShee hadde starta som (ubetalt) «golvsongar» på fleire av viseklubbane i London, og i 1965 styrte ho ein viseklubb i Red Lion i Sutton i Surrey, der ho vart vener med Jansch og Renbourn då dei spelte der. Ho song på Renbourn-albumet Another Monday og spelte i lag med han som ein duett, første gong på Les Cousins i august 1966.[4]

Thompson og Cox var alt velkjende som jazzmusikarar og hadde spelt i lag i bandet til Alexis Korner. I 1966 var dei begge i Duffy Power sitt Nucleus (eit band der òg John McLaughlin spelte elektrisk gitar). Renbourn kjende godt til Thompson gjennom konsertane hans på Les Cousins og hadde arbeidd med han på eit prosjekt for fjernsyn.[5]

I 1967 sette den skotske entreprenøren Bruce Dunnett, som nyleg hadde organisert ein turne for Jansch, opp ein søndagskveld-klubb for han og Renbourn på Horseshoe Hotel i Tottenham Court Road.[6] McShee byrja å synge med dei og i mars same år var Thompson og Cox med i bandet. Renbourn hevdar det var han som dreiv på for å få saman bandet, men gjer Jansch æra for ideen om «å få bandet til å spele på same stad for å forme det på plass.»[7]

Sjølv om dei vert kalla ei folkemusikkgruppe, delte medlemmene forskjellige inspirasjonskjelder. McShee hadde grunnlag frå tradisjonell musikk, Cox og Thompson frå jazz, Renbourn synte ei gryande interesse for tidlegmusikk og Jansch ein smak for blues og samtidige artistar som Bob Dylan.

Kommersiell suksess[endre | endre wikiteksten]

Den første offentlege konserten til Pentangle var ein utseld konsert i Royal Festival Hall den 27. mai 1967. Seinare same året gjorde dei ein kort turne i Danmark, der dei vart annonsert som eit rock'n'roll-band, og ein kort turne i Storbritannia, organisert av Nathan Joseph frå Transatlantic Records. Dei var no ikkje lenger knytt til Bruce Dunnett og tidleg i 1968 hadde dei fått Jo Lustig som manager. Med hans hjelp gjekk dei frå å spele på klubbar til konserthallar.[8]

Pentangle signerte ein avtale med Transatlantic Records og det sjølvkalla debutalbumet kom ut i mai 1968. Dette heilakustiske albumet vart produsert av Shel Talmy, som hevdar han nytta ein innovativ måte på å spele inn lyden av dei akustisk gitarane slik at resultatet vart ein lys «bjølleliknande» lyd.[9] Den 29. juni dette året spelte dei i Royal Festival Hall i London. Innspelingane frå konserten utgjorde delar av det andre albumet deira, Sweet Child (November 1968), ei dobbelplate med konsert- og studiooppta. Dette synte den breitt samansette tilnærminga til bandet (og Jansch sine låtskrivareigenskapar) og vert generelt rekna som det kreative høgdepunktet deira.[10]

Basket Of Light følgde i 1969 og vart den største salssuksessen deira på grunn av ein overraskande hitsingel, «Light Flight», som vart populær som kjenningsmelodien for fjernsynsserien Take Three Girls (den første dramaserien til BBC i fargar). Bandet spelte òg inn ledsagande musikk for serien.[11] I 1970 var dei på sitt mest populære og spelte inn musikk til filmen Tam Lin, hadde minst 12 framsyningar på fjernsyn og gjorde fleire turnear i Storbritannia (mellom anna Isle of Wight-festivalen) og Amerika (mellom anna ein konsert i Carnegie Hall).[12] Det fjerde albumet deira, Cruel Sister, frå oktober 1970, selde derimot særs dårleg..[13] Dette var eit album med tradisjonelle songar, mellom anna ein 20 minuttar lang versjon av «Jack Orion», ein song som Jansch og Renbourn tidlegare hadde spelt i lag som ein duett.

Nedgang[endre | endre wikiteksten]

Bandet vendte attende til ei blanding av tradisjonelle og originale songar på Reflection, som vart spelt inn i mars 1971. Dette fekk relativt god mottaking, men utan den store entusiasmen i musikkpressa.[14] På denne tida byrja bandet å verte lei turnelivet og av å arbeide saman. Bill Leader, som produserte albumet sa «Det verka for meg, i etterkant, at kvar dag så hadde eit nytt medlem bestemt seg for å forlate gruppa.»[15] Pentangle trekte seg frå Transatlantic, i ein bitter krangel med Joseph om honorara. Transatlantic hadde visstnok kome fram til at dei i følgje kontrakten hadde rett til å halde attende honorarutbetalingane frå Pentangle-albuma.[16] Joseph peikte på at selskapet hans hadde dekt alle kostnader, som innspelinga, for å lage albuma.[17] Jo Lustig, manageren deira, som hadde forhandla fram Transatlantic-kontrakten, gjorde det klart at kontrakten med han inneheldt ein klausul som gjorde at dei ikkje kunne saksøke han «for noko som helst».[18] Så for å tene pengar på arbeidet sitt, oppretta Pentangle sitt eige musikkforlag, Swiggeroux Music i 1971.

Det siste albumet til det originale Pentangle var Solomon's Seal, som kom ut på Warner Brothers/Reprise i 1972. Colin Harper skildra det som «ei plate om keisamheita til folk, men òg eit produkt av eit band som bestod av dei beste musikarane, låtskrivarane og tolkarane ein har sett».[19] Etter albumet la bandet ut på turne i Storbritannia. Dei siste konsertane vart kansellerte då Thompson vart sjuk.

Nyårsdag 1973 valde Jansch å forlate bandet. «Pentangle Split» var framsida på det første nummeret til Melody Maker i 1973.[20]

Nye besetningar[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1980-åra var det planlagt ei gjenforeining av bandet. På denne tida hadde Jansch og Renbourn brukt tid på solokarrierene sine igjen, McShee hadde ein ung familie, Thompson var hovudsakleg studiomusikar og Cox dreiv ein restaurant på Mallorca. Det gjenforeinte Pentangle debuterte på Cambridge Folk Festival i 1982, men mangla ein trommeslagar fordi Cox hadde brote beinet i ei bilulukke. Dei turnerte i Italia, Australia og Tyskland med Cox først i rullestol.[21]

Renbourn forlet gruppa for å studere klassisk musikk, og kom inn på Dartington College of Arts. Etter dette følgde mange endringar i besetninga, mellom anna med Mike Piggott på fiolin, Nigel Portman Smith på klaverinstrument og bass, og Peter Kirtley på gitarar and vokal, med McShee og Jansch til slutt som dei einaste gjenverande medlemmane frå den originale besetninga. Gerry Conway (som hadde arbeidd med Fotheringay, Cat Stevens, Jethro Tull, Richard Thompson og John Martyn) tok over på trommer og perkusjon i 1987. Besetninga med Jansch, McShee, Portman Smith, Kirtley og Conway varte nesten like lenge som det originale Pentangle og spelte inn tre album: Think of Tomorrow, One More Road og Live 1994. Denne besetninga gjorde den siste turneen sin i mars-april 1995, før Jansch forlet bandet for å gjere soloarbeid.

Jacqui McShee's Pentangle[endre | endre wikiteksten]

I 1995 danna McShee ein trio med Conway på perkusjon og Spencer Cozens på klaverinstrument. Det første albumet til trioen var About Thyme, med gjesteartistane Ralph McTell, Albert Lee, Mike Mainieri og John Martyn. Albumet nådde toppen på lista til fRoots. Med saksofonisten Jerry Underwood og bassist/gitarist Alan Thomson i bandet, endra dei namn til Jacqui McShee's Pentangle. Dette bandet gav ut albumet Passe Avante. I 2005 gav dei ut Feoffees' Lands.

Denne besetninga spelte ofte konsertar. Konserten deira i Chipping Norton i Oxfordshire vart innspelt og gjeven ut som At the Little Theatre.

I august 2002 døydde saksofonisten Jerry Underwood etter sjukdom og vart erstatta av Gary Foote[22] i 2004. Jacqui McShee's Pentangle turnerte framleis i 2006.[23]

Siste år[endre | endre wikiteksten]

Dei mange besetningane førte bandet i forskjellige musikalske retningar, samstundes som interessa for det originale Pentangle voks. Det kom ut mange samleplater med bandet. I 2004 kom 1968-1972 Lost Broadcasts. Jo Lustig hadde skaffa bandet mange opptredenar på radio, minst elleve gonger på BBC i 1968.[24] Albumet var ei dobbelplate med innspelingar frå desse radioframføringane. I 2007 kom The Time Has Come 1967 - 1973 på fire plater med mange sjeldne innspelingar og konsertopptak.

Det originale bandet vart formelt gjenforeint i 2008. Dei spelte på BBC TV-programmet Later..with Jools Holland den 29. april 2008, med «Let No Man Steal Your Thyme» og 2. mai 2008 med «Light Flight» og «I've Got a Feeling». Dei la så ut på ein turne i Storbritannia, mellom anna ein konsert i Royal Festival Hall, der dei spelte inn albumet Sweet Child førti år tidlegare.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Pentangle vert som regel skildra som eit folkrockband, men dette kan vere villeiande. Danny Thompson skildrar gruppa som eit «folkjazz-band».[25] John Renbourn likte ikkje å verte kalla «folk-rock» og sa «noko av det verste du kan gjere med ei folkevise er å legge ein rockerytme på han...dei fleste gamle songane eg har høyrt har sin eigen indre rytme. Då me arbeidde med desse i gruppa, kom Terry Cox opp med sine perkusjonsmønster for å tilpasse seg rytmemønstra i desse songane. Slik sett var han det motsette av ein folkrocktrommeslagar.»[26] Denne praksisen med å følgje den indre rytmen i ein song er særs karakteristisk for lydbiletet til det originale Pentangle og er tydeleg gjennom heile det tidlege arbeidet deira, som på «Let No Man Steal Your Thyme» på det første albumet eller «Jump Baby Jump» på det siste. Dette førte til uvanlege taktartar, som på «Market Song» frå Sweet Child som går frå 7/4- til 11/4- og 4/4-takt[27] og «Light Flight» frå Basket of Light inneheld delar i 5/8-, 7/8- og 6/4-takt.[28] Endringane skjer derimot naturleg og vert ikkje tvungen fram.

Henry Raynor i The Times strevde med å karakterisere musikken deira: «Det er ikkje ei popgruppe, ikkje ei folkemusikkgruppe og ikkje ei jazzgruppe, men det dei prøver på er ei blanding av alle desse stilane, samt andre stilar som eit interssant eksperiment i kvar av dei individuelt.»[29] Sjølv dei tidlegaste songane til Pentangle var karakterisert av ei stilblanding. Songar som «Bruton Town» og «Let No Man Steal Your Thyme» frå 1968 inneheld element av folk, jazz, blues og tidlegmusikk. Då albumet kom ut, bortsett frå pionerarbeidet til Davey Graham,[30] var det nesten ingen andre som blanda stilar som Pentangle, og Pete Townshend skildra det til dømes som «friskt og nyskapande».[31] Då det fjerde albumet deira kom ut, Cruel Sister i 1970, hadde Pentangle fjerna seg frå tradisjonell folkemusikk og nytta meir elektrisk gitar som instrument. På denne tida hadde sjølve folkemusikken flytta seg meir mot rock og bruk av elektriske instrument, så Cruel Sister vart derfor til dømes samanlikna med Fairport Convention sitt Liege and Lief og Steeleye Span sitt Hark! The Village Wait. Pentangle vert derfor rekna som ein av dei første innan elektrisk folk, sjølv om dei mest kjende albuma deira var heilakustiske.

På dei to siste albuma deira gjekk dei meir attende til folk-jazz-opphavet igjen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Begge namna finst på plateomslaga deira.
  2. Stone, Brian (translator) (1974). Sir Gawain and the Green Knight. Penguin Classics. s. 147. ISBN 0-1404-4092-5. 
  3. Harper, Colin (2006). Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival (2006 edition). Bloomsbury. s. 196. ISBN 0-7475-8725-6. 
  4. Harper s.205–206
  5. Harper s.206
  6. «Dead Pub Society website». Henta 3. februar 2011. [daud lenkje]
  7. Harper s.207
  8. Harper s.215
  9. Richie Unterberger. «Shel Talmy interviewed by Richie Unterberger». Richieunterberger.com. Henta 3. februar 2011. [daud lenkje]
  10. Harper, Colin (2006). Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival (paperback edn.). Bloomsbury. s. 220. ISBN 0-7475-8725-6.  "At this point [the Festival Hall concert] the five members of the group were at their live peak, complementing and collaborating with each other in various combinations....The balance between the constituent parts, onstage at least, would never again be so perfect."
  11. Guinness Book of British Hit Singles 7th Edition - 1988
  12. Harper s.224
  13. Harper s.228
  14. Melody Maker sa at «Pentangle bryt keisamheitsbarreiren».
  15. Harper s.229
  16. Ref. Harper s.235
  17. Harper s.235
  18. Harper s.236
  19. Harper. p237
  20. Harper. s.239
  21. Harper s.271
  22. «Gary Foote». Garyfoot.com. Arkivert frå originalen 14. april 2002. Henta 3. februar 2011. 
  23. «Touring 2009». Pentangle.info. Arkivert frå originalen 26. januar 2009. Henta 3. februar 2011. 
  24. Harper s.219
  25. Unterberger s.143
  26. Unterberger, Richie. Eight miles high: folk-rock's flight from Haight-Ashbury to Woodstock. Backbeat Books. s. 143. ISBN 0879307439. 
  27. Sweet Child sleeve notes
  28. Basket of Light sleeve notes
  29. The Times, "Music from fiveangles", 7. januar 1969
  30. Til dømes samarbeidet hans i 1965 med Shirley Collins: Folk Roots, New Routes
  31. Quoted in Haper s.219

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]