Pentland Firth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pentland Firth
sund
Pentland Firth mot Orknøyane (Hoy).
Land  Storbritannia
Del av Atlanterhavet
Kart
Pentland Firth
58°42′58″ N 3°6′54″ W
Wikimedia Commons: Pentland Firth

Pentland Firth (skotsk-gælisk An Caol Arcach, tyder Det orkadiske sundet) er ein firth, men er meir eit sund enn ein fjord. Det går mellom Orknøyane og Caithness nord i Skottland.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ein trur namnet kjem av det norrøne «Petlandsfjörð»[1], som tyder «Pictlandfjorden» og har ingen samanheng med Pentland Hills nær Edinburgh.

Før nordmennene tok Orknøyane vart sundet kalla «Orksjøen», etter piktarstammen som budde på Orknøyane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Caithness-sida eller sørsida av sundet strekkjer seg frå Dunnet Head i vest til Duncansby Head i aust, medan sundet på nordsida går frå Tor Ness på Hoy i vest til Old Head på South Ronaldsay i aust.

Midt i sundet ligg to øyar, Stroma og Swona. Dei vesle Pentlandskjera ligg i aust. Øyane Hoy og South Ronaldsay grensar til sundet i nord og er ein del av Orknøyane.

Det nordlegaste punktet på neset Dunnet Head, Easter Head, er òg det nordelgaste buktet på det britiske fastlandet. Den kjende John o' Groats, Mey og mange mindre landsbyar ligg på Caithness-sida. I tillegg ligg byen Thurso og Scrabster Harbour i Thurso Bay heilt vest i sundet.

Tidvasstraumar[endre | endre wikiteksten]

Sundet er kjend for den kraftige tidvasstraumen, som er ein av dei kraftigaste i verda. Det har vorte målt ein vart på 16 knop (30 km/t) vest for Pentlandskjera. Desse straumane har ein ønskt å utnytte med tidvasskraftverk, og straumane her har vorte kalla «tidvasskrafta sitt svar på Saudi-Arabia»[2] og eit kraftverk her kan kome til å generere så mykje som 10 GW.[3] Dette er opp mot 25 % av det estimerte totale kapasiteten for tidvasskraft i EU.[4]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Stroma fyr

Ein kan sjå sel året rundt i alle delar av sundet. Dei solar seg vanlegvis på skjera når det fjærar, slik at dei ikkje treng å bruke krefter når det flør igjen. Ein kan sjå store selgrupper nord for Stroma. Steinkobbe får ungar her i mai, juni og juli. Gråselen er den vanlegaste i området, og har ein av dei største bestandane i heile Storbritannia her.

Niser held seg òg i sundet året rundt. Delfinar er ikkje like vanlege, men ein kan sjå dei av og til. Spekkhoggarar kan ein stundom sjå frå rundt mail til juli. Vågekval er ganske vanlege her frå juni og stundom heilt fram til oktober, men òg til andre tider av året. Brugder er heller sjeldne, men er stundom å sjå om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990 reprint). ISBN 0-901824-25-9
  2. Salmond, Alex (2006). «"Small Country Thinks Big" i "Scottish Renewables Review No 32"» (PDF). Scottish Renewables. Arkivert frå originalen (PDF) 26. mars 2009. Henta 13. januar 2010. 
  3. "Marine Briefing" (Desember 2006) Scottish Renewables Forum. Glasgow.
  4. The Power of Scotland: Cutting Carbon with Scotland's Renewable Energy. RSPB et al.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]