Pentti Kahma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pentti Aatos Kahma (fødd 3. desember 1943) er ein finsk, tidlegare diskoskastar frå Alavieska. Han vart europameister i øvinga i 1974. Mellom 1970 og -78 vann han sju finske meisterskap i diskoskasting. Hans lengste diskoskast målte 66,82 meter og vart oppnådd 24. mai 1975 i Modesto i USA. I kule presterte han 18,19 m i 1974, og i lengdehopp landa han på 7,21 m då han vann eit stemne i 1969. Kahma er 188 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 112 kg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kahma var ein av dei aller beste diskoskastarane i heimlandet frå 1967 av. Det året markerte han seg i medaljekampen under den finske meisterskapen i Pori. Etter å ha kasta 54,34 m fekk han bronsen, Niilo Hangasvaara vann på 55,56 m. Hangasvaara vart nasjonal meister også i 1968, medan Kahma, som i løpet av sesongen hadde persa med 56,52 m, vann sølvmedaljen. Eit nytt nasjonalt sølv fekk han i 1969; 57,46 m i meisterskapen på olympiastadion var 28 cm kortare enn Jouko Montonen sitt vinnarkast. Same sesongen deltok han i sin fyrste internasjonale meisterskap, EM i [[Athen}}, der han ikkje makta gå til finalen.

Den 14. juni 1970 sette han finsk rekord med 62,28 meter, og vart same sesongen nasjonal meister for fyrste gong etter 59,78 m i Kuovola. Også i 1971 vart han finsk meister med 61,22 m i sluttprotokollen, og han forbetra persen til 63,50 m. I september månad same året var det klart for EM på heimebane i Helsinki. For første gong nådde han finalen i ein stor meisterskap, der han med 60,64 meter i finalen var berre 98 cm bak sølvvinnaren Lothar Milde.

Under sommar-OL i München i 1972 kvalifiserte han seg greitt til finalen, men i denne lukkast han lite og kom på niandeplass med 59,66 meter. Kahma vart finsk meister i 1973 med 62,30 m framom Markku Tuokko som nådde 60,98 m. Dei to forbetra resultata i 1974-meisterskapen, 64,00 m og 61,50 m, og fekk kvar sitt nye gull og nye sølv.

Sommaren 1974 slengde Kahma diskosen til ny pers på 66,52 meter. Høgdepunktet for han kom likevel to månader seinare, under EM i Roma. Med 63,62 meter slo han både den regjerande olympia- og europameisteren Ludvík Daněk, som tok sølvmedaljen, og verdsrekordhaldaren Ricky Bruch, som fekk bronsen. Til dags dato er Kahma den einaste finlendaren som har vunne ein internasjonal meisterskapstittel i diskoskasting.

Kahma forbetra den personlege rekorden til 66,82 m i Modesto i 1975. Han og Tuokko heldt fram tvekampen om å vere Finlands beste diskoskastar; både i 1975 og 1976 sigra Kahma med høvesvis 63,94 m mot 62,14 m, og 66,14 m mot 62,34 m. Under dei olympiske leikane i Montreal kom han sjetteplass med 63,12 meter. Endeleg i 1977 vart det FM-gull til Tuokko og sølv til Kahma i diskostevlinga, men i 1978 tok Kahma atter ein nasjonal gullmedalje. Etter 1978 trappa han ned, men heldt fram å tevle lokalt til 1983.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott, aktuelle årgangar