Peparkake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peparkaker)
Nysteikte peparkaker.

Peparkake er ein type småkaker typisk laga i samband med jula. Ein lagar deig av til dømes kveitemjøl, sukker, smør, sirup (eller honning), natron (eller hjortetakksalt), og kryddera kanel, nellik, ingefær og kardemomme. Sjølv om kakene heiter peparkaker, er det ikkje nødvendig å bruka pepar i deigen.

Peparkakedeigen blir kjevla ut i plater som ein deretter skjer eller presser små figurar utav. Tradisjonelle figurar er hjarte, stjerner og menneske. Kakene blir så steikte på smurt plate i steikeomn til dei er blitt brune og nokså sprø. Dei kan pyntast med melisglasur etter steikinga.

I mange mattradisjonar lager ein peparkaker i samband med julefeiring, mellom anna i Noreg. Her blir det laga og seld peparkaker berre rundt juletider. I andre land kan ein kjøpa peparkaker heile året.

Peparkakehus[endre | endre wikiteksten]

Eit pepperkakehus er bygd opp av plater av steikt peparkakedeig. Delane blir limt saman med smelta sukker, og deretter dekorerte med melis og godteri.
Peparkakehus

Ein kan også laga peparkakehus av deigen ved at ein steiker større stykke og set dei saman til eit lite pyntehus etterpå. Delane kan bli festa saman med smelta sukker, og etter på bli dekorerte med melis, godteri eller anna pynt. Peparkakehuset kan stå som dekor fram til det eventuelt blir knust og ete opp.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Peparkake
Wikikokeboka har oppskrifter for: Pepperkaker