Per-Kristian Foss
Per-Kristian Foss (fødd 19. juli 1950) i Oslo er ein norsk politikar frå Høgre. Han har vore leiar for Unge Høgre 1973-1977, vore statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) 2001-2005, og har site på Stortinget samanhengande sidan 1981. Han er såleis ein av dei aller mest røynde aktive politikarane i Noreg i dag.
Innhaldsliste |
Utdanning og karriere [endre]
Foss har examen artium frå 1969, og er utdanna cand.mag. frå 1977 med faga statsvitskap, offentleg rett og kriminologi. Han dreiv journalistpraksis i 1971-1973, og var i perioden 1980-1981 konsulent i Norsk Rederiforbund. Han har elles vore fulltids politikar heile sitt vaksne liv.
Partiverv [endre]
Per-Kristian Foss kom med i sentralstyret i Unge Høgre i perioden 1971-1973, og var leiar for Unge Høgre i perioden 1973-1977. Han var dermed også med i Høgre sitt sentralstyre 1973-1977, der han heldt fram i åra fram til 1986, frå 1978 også som medlem av arbeidsutvalet. Han var formann i Høgre sin programkomité 1983-1985, 2. nestleiar Oslo Høgre 1988-1992, og leiar for Oslo Høgre 2000-2004. Han var 2. nestleiar i Høgre 2002-2004, og 1. nestleiar 2004-2008.
Stortinget [endre]
Per-Kristian Foss møtte som vararepresentant allereie i stortingsperioden 1977-1981, og har møtt fast som stortingsrepresentant for Oslo på alle Storting frå 1981. Han er no medlem i Presidentskapen for perioden 2009-2013, som andre visepresident i Stortinget.
Medlemskap i stortingskomitear [endre]
- 1981-85: Medlem, Energi- og industrikomiteen, 21.10.1981 - 30.09.1985
- 1985-89: Sekretær, Energi- og industrikomiteen, 23.10.1985 - 30.09.1989
- 1981-89: Varamedlem, Valkomiteen, 09.10.1985 - 30.09.1989
- 1989-93: Leiar, Finanskomiteen, 23.10.1989 - 30.09.1993
- 1993-97: Sekretær, Finanskomiteen, 21.10.1993 - 30.09.1997
- 1993-97: Varamedlem, Den utvida utenrikskomitéen, 21.10.1993 - 30.09.1997
- 1993-97: Medlem, Valkomiteen, 11.10.1993 - 30.09.1997
- 1997-2001: Medlem, Den utvida utenrikskomitéen, 21.10.1997 - 30.09.2001
- 1997-2001: Medlem, Finanskomiteen, 21.10.1997 - 30.09.2001
- 1997-2001: Medlem, Valkomiteen, 08.10.1997 - 30.09.2001
- 2001-2005: Medlem, Valkomiteen, 09.10.2001 - 19.10.2001
- 2005-2009: Medlem, Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 19.10.2005 - 30.09.2009
- 2009-2013: Medlem, Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 20.10.2009 - 30.09.2013
Medlemskap i gruppestyre [endre]
Per-Kristian Foss har sidan 1989 vore medlem i gruppestyret til Høgre si stortingsgruppe, med unntak av dei 4 åra han var statsråd, 2001-2005. I periodane 1993-1997 og 1997-2001 var han nestleiar i gruppestyret.
Medlemskap i regjering [endre]
- Statsråd i Finansdepartementet 19. oktober 2001–17. oktober 2005 (Regjeringa Bondevik II).
Heider [endre]
I 2005 vart han Kommandør av St. Olavs Orden.
Kjelde [endre]
Biografi hos Stortinget.no, vitja 19. juli 2010
| Norske finansministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Gunnar Jahn (1945) · Erik Brofoss (1945–47) · Olav Meisdalshagen (1947–51) · Trygve Bratteli (1951–55) · Mons Lid (1955–56) · Trygve Bratteli (1956–60) · Petter Jakob Bjerve (1960–63) · Andreas Cappelen (1963) · Dagfinn Vårvik (1963) · Andreas Cappelen (1963–65) · Ole Myrvoll (1965–71) · Ragnar Christiansen (1971–72) · Jon Ola Norbom (1972–73) · Per Kleppe (1973–79) · Ulf Sand (1979–81) · Rolf Presthus (1981–86) · Arne Skauge (1986) · Gunnar Berge (1986–89) · Arne Skauge (1989–90) · Sigbjørn Johnsen (1990–96) · Jens Stoltenberg (1996–97) · Gudmund Restad (1997–2000) · Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (2000–01) · Per-Kristian Foss (2001–05) · Kristin Halvorsen (2005–2009) · Sigbjørn Johnsen (2009–) |
- Fødde i 1950
- Høgrepolitikarar
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Norske finansministrar
- Norske statsrådar etter 1945
- Høgrestatsrådar
- St. Olavs Orden
- Politikarar frå Oslo
- Unge Høgre-leiarar