Per Albin Hansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per Albin Hansson

Per Albin Hansson (28. oktober 18856. oktober 1946), var ein svensk politikar. Han var leiar for sosialdemokratane, Socialdemokratiska arbetarpartiet, og sat som svensk statsminister i fire regjeringar i tidsrommet mellom 1932 og 1946. Ei av desse regjeringane var koalisjonsregjeringa som vart danna under andre verdskrigen. Regjeringa under krigen inkluderte alle dei store partia, med unntak av kommunistpartiet.

Då verdskrigen tok til, lét Hansson, som frykta at også Sverige skulle bli invadert, tyske troppar reisa gjennom landet til okkuperte Noreg og Finland.

Politisk arbeida Hansson for innføringa av velferdsstaten som han omtalte som Folkhemmet.

Han døydde i Stockholm av hjarteslag medan han gjekk av trikken, det vanlege framkomstmiddelet sitt, på Ålstens Gård station. Han er gravlagd på Norra begravningsplatsen i Stockholm.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]